Dommarane 17
N11NN
17
Heilagdomen til Mika
1I Efraim-fjella budde det ein mann som heitte Mika. 2Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sjekel sølv som vart tekne frå deg – eg høyrde sjølv at du uttala forbanninga – dei pengane er hos meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!» 3Då han gav dei elleve hundre sjekel sølv tilbake til mor si, sa ho: «Eg helgar desse pengane til Herren og gjev dei til son min for å få laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No gjev eg dei tilbake til deg.» 4#Jes 40,19 Han gav pengane til mora, som tok to hundre sjekel og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.
5 # 8,27 # 17,5 efod >8,27. terafar hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Esek 21,26. Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre terafar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg. 6#18,1; 19,1; 21,25 I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.
7Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda, frå Juda-slekta. Han var ein levitt som hadde slege seg ned der. 8Mannen drog frå den byen, frå Betlehem i Juda, for å finna ein plass der han kunne slå seg ned. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraim-fjella. 9Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna ein plass der eg kan slå meg ned.» 10#18,19 Då sa Mika til han: «Ver her hos meg og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sjekel sølv i året og halda deg med mat og klede.» Levitten kom, 11og han gjekk med på å vera hos mannen og vart som ein av sønene hans. 12Mika sette den unge levitten til prest hos seg, og han vart verande i huset til Mika. 13Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk