Dommarane 16
N11NN
16
1Ein gong kom Samson til Gaza. Der fekk han sjå ei kvinne som var prostituert, og han gjekk inn til henne. 2Då folk i Gaza fekk vita at Samson var komen dit, omringa dei han og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det lysnar av dag; då skal vi slå han i hel.»
3Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på skuldrene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.
Samson og Dalila
4 # 16,4 Sorek-dalen nær Timna. >14,1. Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen. Ho heitte Dalila. 5#14,15 Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sjekel sølv.»
6Då sa Dalila til Samson: «Kjære, fortel meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.» 7Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har tørka, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.» 8Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde tørka. Dei batt ho han med, 9og i rommet innanfor hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. No må du fortelja meg korleis du kan bindast!» 11Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore brukte til noko, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.» 12Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistrane er over deg, Samson!» I rommet innanfor sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det ein tynn tråd.
13Då sa Dalila til han: «Til no har du narra meg og loge for meg. Fortel meg korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med renninga i veven.» 14#16,14 Byrjinga av verset etter =Septuaginta. Hebr. tek til «Ho støytte pluggen fast». Dalila byssa han i søvn, vov dei sju hårflettene hans inn i veven og støytte pluggen fast. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og reiv ut både vevpluggen og renninga. 15Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du elskar meg når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»
16Som ho plaga han med maset sitt dag ut og dag inn og aldri lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy. 17#16,17 nasirear >13,5. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på hovudet mitt; for eg har vore ein Guds nasirear heilt frå mors liv. Blir eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og blir som alle andre menneske.»
18Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter hovdingane over filistarbyane og sa: «No kan de koma! Denne gongen har han fortalt meg heile sanninga.» Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne, og pengane hadde dei med seg. 19No fekk ho Samson til å sovna i fanget sitt. Ho ropa på ein mann og lét han raka av dei sju hårflettene på hovudet hans. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans var borte. 20Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og rista meg fri, slik som dei andre gongene.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.
21 # 2 Kong 25,7 # 16,21 mala korn Kornet vart male på handkvern. Fangane vart sette til å dra kverna. Filistrane tok Samson og stakk ut auga på han. Dei førte han ned til Gaza og batt han med bronselenkjer. Så sette dei han til å mala korn i fangehuset. 22Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.
23 # 1 Sam 5,2ff Hovdingane over filistarbyane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:
«Vår gud har gjeve Samson,
fienden vår, i våre hender.»
24Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:
«Vår gud har gjeve fienden vår
i våre hender,
han som herja landet vårt
og drap så mange.»
25Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Hent Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stilte han opp mellom søylene.
26Då sa Samson til guten som leidde han: «Plasser meg slik at eg kan halda i dei søylene som huset kviler på, og stø meg til dei.» 27Huset var fullt av menn og kvinner, og alle hovdingane over filistarbyane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson. 28Då ropa Samson til Herren og sa: «Min Herre og Gud, hugs på meg og styrk meg denne eine gongen, Gud, så eg får hemna meg på filistrane for det eine av auga mine.» 29Samson tok tak om dei to midtsøylene som huset kvilte på, ei med høgre og ei med venstre armen, og la seg mot dei. 30Samson sa: «Lat meg få døy saman med filistrane!» Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over byhovdingane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.
31 # 13,25 Brørne hans og heile familien til far hans kom ned og henta han. Dei førte han heim og la han i grava til Manoah, far hans, mellom Sora og Esjtaol. Då hadde han vore dommar i Israel i tjue år.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk