Dommarane 14
N11NN
14
Samsons giftarmål
1 # 14,1 Timna by ved grensa mellom Juda og Filistarlandet. Ein gong gjekk Samson ned til Timna. Der fekk han sjå ei kvinne, ei av døtrene til filistrane. 2#1 Mos 34,4 Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «I Timna såg eg ei av døtrene til filistrane», sa han. «Henne må de la meg få til kone.» 3#1 Mos 24,3f; 28,1f; 5 Mos 7,3 Foreldra sa til han: «Finst det ikkje døtrer i slekta di eller ei einaste kvinne i folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hos dei uomskorne filistrane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du la meg få, ho er den rette for meg.» 4#Jes 28,29 Foreldra skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistrane. Dei var det som herska i Israel den gongen.
5Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei nådde vinmarkene utanfor byen, kom ei ung løve brølande imot han. 6#3,10+; 1 Sam 17,34f Då kom Herrens ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort. 7Så gjekk han ned og snakka med kvinna, og Samson lika henne godt.
8Ei tid etter vende han attende og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein bisverm og honning i løvekroppen. 9Han skrapa honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.
10Då far hans kom ned til kvinna, gjorde Samson ein fest der, slik dei unge mennene brukte å gjera. 11Så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han. 12#14,12 gåte Jf. 1 Kong 10,1; Ordt 1,6; Esek 17,2. Samson sa til dei: «Lat meg gje dykk ei gåte. Løyser de henne og kjem med svaret til meg rett før dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti linskjorter og tretti festdrakter. 13Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti linskjorter og tretti festdrakter.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.» 14Då sa han:
«Av ein etar kom etande,
av den sterke kom søtt.»
Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta. 15Den fjerde dagen sa dei til brura: «Lokk mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å plyndra oss at de har bede oss hit?»
16Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du elskar meg ikkje», sa ho, «du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje gjeve meg svaret.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far og mor, skulle eg så seia det til deg!» 17Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane festen varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, sidan ho plaga han slik. Så løyste ho gåta for landsmennene sine. 18Før sola gjekk ned den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:
«Kva er søtare enn honning,
kva er sterkare enn løva?»
Samson svara:
«Hadde de ikkje pløgd med mi kvige,
hadde de ikkje løyst gåta mi.»
19 # 3,10+ Då kom Herrens ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til festdrakter. I fullt sinne drog han heim att til far sin. 20Men kona til Samson vart gjeven til den fremste av bruresveinane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk