Dommarane 12

12
Jefta kjempar mot Efraim
1 # 8,1 Mennene i Efraim samla seg til strid og fór nordover. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville kjempa mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset ditt og brenna deg inne.» 2Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de berga meg ikkje frå hendene deira. 3Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk mot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no opp og vil kjempa mot meg?» 4#12,4 midt mellom … Manasse Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er flyktningar frå Efraim, de Gilead-folk, midt mellom folk frå Efraim og folk frå Manasse.»
5 # 3,28; 7,24 Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han nei, 6#12,6 sjibbolet hebr. for «kornaks». I talemålet til folk frå Efraim lydde dette ordet annleis (sibbolet). På den måten vart det klårt kva for ein stamme dei høyrde til. sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.
7Jefta frå Gilead var dommar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.
Andre dommarar
8 # 12,8 Betlehem ikkje Betlehem i Juda, men i Galilea, nær Nasaret. Jf. Jos 19,15. Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem dommar i Israel. 9Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti svigerdøtrer henta han heim. Han styrte Israel i sju år. 10Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.
11Etter han vart Elon frå Sebulon dommar i Israel. Han styrte Israel i ti år. 12Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulon-landet.
13Etter han vart Abdon, son til Hillel frå Piraton, dommar i Israel. 14Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti esel. Han styrte Israel i åtte år. 15Så døydde Abdon, son til Hillel frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraim-landet, på amalekittfjellet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring