Dommarane 1
N11NN
1
Israel tek Kanaan
1 # 20,18 Då Josva var død, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal først dra opp og kjempa mot kanaanearane?» 2#Jos 6,2+Herren svara: «Juda skal dra opp. Sjå, eg gjev landet i hans hender.» 3Då sa Juda til Simon, bror sin: «Kom med meg opp til min del av landet og lat oss kjempa mot kanaanearane! Så skal eg gå med deg til din del av landet.» Og Simon gjekk med han.
4Så drog Juda opp, og Herren gav kanaanearane og perisittane i deira hender. Dei slo dei ved Besek, ti tusen mann. 5Dei møtte Adoni-Besek ved Besek og kjempa mot han, og dei slo kanaanearane og perisittane. 6Adoni-Besek rømde, men dei forfølgde han, greip han og hogg av han tommelfingrane og stortærne. 7Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. Gud har gjeve meg løn som fortent for det eg har gjort.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.
8Judearane gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei slo byen med sverd og sette eld på han. 9Etterpå drog judearane ned for å kjempa mot kanaanearane som budde i fjella, i Negev og i låglandet. 10#Jos 14,15; 15,13f Juda gjekk mot kanaanearane som budde i Hebron. Hebron heitte før i tida Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Ahiman og Talmai.
11 # Jos 15,15–19 Derifrå gjekk dei mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før Kirjat-Sefer. 12Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.» 13Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone. 14Då ho kom, overtala ho han til å be faren om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?» 15Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Og Kaleb gav henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.
16 # 4 Mos 10,29; Dom 3,13; 4,11 # 1,16 Palmebyen Jeriko. Jf. 5 Mos 34,3. Etterkomarane av kenitten som var svogeren til Moses, drog med judearane opp frå Palmebyen til Juda-ørkenen ved Negev Arad og busette seg blant folket der. 17#1,17 Horma hebr. for «slege med bann». Byen ligg lengst sør i Kanaan, nær Beer-Sjeba, og vart tidlegare kalla Sefat. Juda gjekk med Simon, bror sin, og dei slo kanaanearane som budde i Sefat. Dei slo byen med bann og øydela han; difor kalla dei han Horma. 18Så tok Juda Gaza med landet omkring, Asjkalon med landet omkring og Ekron med landet omkring. 19#Jos 17,16; Dom 4,3Herren var med Juda, og dei tok fjellområda. Men dei greidde ikkje å driva bort dei som budde på sletta, for dei hadde jernvogner.
20 # 4 Mos 14,24; Jos 14,12f Dei gav Hebron til Kaleb, slik som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tre anakittane bort derifrå. 21#Jos 15,63 Men benjaminittane dreiv ikkje bort jebusittane som budde i Jerusalem, og jebusittane bur saman med benjaminittane i Jerusalem den dag i dag.
22Josef-stammane drog òg ut mot Betel, og Herren var med dei. 23#1 Mos 28,19 Dei sende folk til å utforska Betel. Byen heitte før Lus. 24Dei som var ute og undersøkte, fekk sjå ein mann koma ut frå byen. Dei sa til han: «Syn oss no kvar vi kan ta oss inn i byen, så skal vi spara deg!» 25#Jos 6,25 Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå. 26Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.
27 # Jos 17,11f Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet. 28#Jos 17,13 Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til tvangsarbeid, men fordreiv dei ikkje heilt.
29 # Jos 16,10 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande iblant dei der. 30Sebulon dreiv ikkje bort innbyggjarane i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom dei, men dei måtte gjera tvangsarbeid.
31Asjer dreiv ikkje ut innbyggjarane i Akko og Sidon, heller ikkje innbyggjarane i Ahlab, Aksib, Helba, Afik og Rehob. 32Ettersom dei ikkje hadde drive ut kanaanearane som heldt til i landet, busette Asjer seg mellom dei. 33Naftali dreiv ikkje ut innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg blant kanaanearane som heldt til der i landet. Men innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat måtte gjera tvangsarbeid for dei.
34Amorittane trengde danittane opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta. 35Amorittane greidde å bli buande i Har-Heres, Ajjalon og Sjaalbim. Men då Josefs hus fekk overtaket, måtte dei gjera tvangsarbeid. 36Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skardet og vidare oppover frå Sela.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk