Jakob 4
N11NN
4
Bøy dykk for Gud
1 # Rom 7,23; 1 Pet 2,11 Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden blant dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? 2De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. 3De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.
4 # Jer 3,6–9; Matt 6,24; Joh 15,19; 17,14; Rom 8,7; 1 Joh 2,15 De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende. 5#2 Mos 34,14#4,5 når Skrifta seier Kjelda for dette sitatet er ukjend. Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss? 6#Ordt 3,34; 1 Pet 5,5 Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det:
Gud står dei stolte imot,
men dei audmjuke gjev han nåde.
7 # Ef 6,11; 1 Pet 5,8f Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han rømma frå dykk. 8#Jes 1,16; Sak 1,3#4,8 Vask hendene … reins hjarta Uttrykka har bakgrunn i kravet om at ein skulle reinsa seg før ein gjekk inn i heilagdomen. =heilag og rein. Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga! 9#Luk 6,25 Klag dykkar naud, sørg og gråt! Vend latteren til sørgjesong og gleda til alvor! 10#Matt 23,12; 1 Pet 5,6 Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.
11 # 3 Mos 19,16; Matt 7,1ff De må ikkje baktala kvarandre, sysken! Den som baktalar ein bror eller dømmer ein bror, han baktalar lova og dømmer lova. Men dersom du dømmer lova, då gjer du ikkje det lova seier, men gjer deg til dommar over lova. 12#Rom 2,1; 14,4 Det er éin som er lovgjevar og dommar, han som har makt både til å frelsa og til å øydeleggja. Men kven er du som dømmer nesten din?
Åtvaring til dei sjølvtrygge og rike
13 # Ordt 27,1; Luk 12,16ff Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» – 14#Sal 39,6 og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk – synleg ei lita stund, og så borte. 15#Apg 18,21; Rom 1,10; 1 Kor 4,19; 16,7 De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre.» 16Men no er de hovmodige og rosar dykk sjølve. All slik ros er av det vonde. 17#Luk 12,47 Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk