Jakob 1
N11NN

Jakob 1

1
Helsing
1 # Joh 7,35; Apg 12,17; Hebr 11,13; 1 Pet 1,1 # 1,1 Jakob bror til Jesus og leiar for forsamlinga i Jerusalem. =vanlege namn. dei tolv stammane Israelsfolket var delt i tolv stammar; her er uttrykket kanskje brukt om jødekristne. Jf. Gal 2,12f. spreidde … land I jødisk litteratur blir uttrykket brukt om jødar som budde utanfor Israel. Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.
Prøving og freisting
2 # Matt 5,11f+; Rom 5,3; 1 Pet 1,6f # 1,2 sysken Jakob bruker ofte ordet =«sysken» når han vender seg til medkristne. prøvingar same ordet er i v. 12 omsett «freistingar». Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar; 3for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod. 4#Matt 5,48; Jak 1,17.25; 3,2 Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5 # Ordt 2,3ff; Matt 7,7+ Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få. 6#Matt 21,21f Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden. 7Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8#4,8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9 # 2,5 Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett, 10#Jes 40,6f; 1 Pet 1,24 og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå. 11Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.
12 # 1 Kor 9,25; 2 Tim 2,5; 4,7f; 1 Pet 5,4; Op 2,10; 3,11 Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. 13Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14#Rom 7,7ff Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg. 15#Rom 5,12.21; 6,23 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
16Far ikkje vill, mine kjære sysken! 17#Matt 7,11#1,17 lysa på himmelen stjernene. All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar. 18#Joh 3,3+; 1 Pet 1,3#1,18 førstegrøde den første delen av avlinga. Jf. Rom 8,23; 1 Kor 15,20. =offer og soning. Av sin eigen vilje har han fødd oss ved det sanne ordet, så vi skal vera ei førstegrøde av hans skapningar.
Høyra og gjera
19 # Ordt 29,20; Fork 7,9 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21#Luk 8,15; Kol 3,8; 1 Pet 2,1 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22#Matt 7,21ff; Rom 2,13+; 1 Joh 3,18 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25#Joh 13,17; Rom 8,2; Gal 5,13; Jak 2,12 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.
26 # Sal 34,14; 39,2; 141,3; Jak 3,2 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi. 27#Jes 58,6f; Matt 25,35ff Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk