Jesaja 46
N11NN
46
Herren er alltid den same
1 # Jer 50,2 # 46,1 Bel, Nebo babylonske gudar. Bel kneler, og Nebo fell,
bileta de bar på,
blir lyfte opp og lasta på trøytte dyr og fe.
2 # Jer 48,7; 49,3 Dei fell og kneler, alle saman.
Dei kan ikkje berga lasta,
og sjølve må dei gå i fangenskap.
3 # Sal 22,10; 71,6 Høyr på meg, du Jakobs hus,
alt som er att av Israels hus,
de som vart lyfte opp heilt frå fødselen,
og som vart borne heilt frå mors liv:
4 # 2 Mos 19,4; 5 Mos 32,39; Sal 71,18; Jes 63,9 Eg er Han, heilt til de blir gamle,
eg vil bera heilt til håret er grått.
Eg har alt gjort det.
Eg lyfter, eg ber og bergar.
5 # 40,18+ Kven vil de samanlikna meg med,
kven er eg lik?
Kva likning vil de bruka
for å samanlikna oss?
6 # 40,19+ Dei auser ut gull frå pungen
og veg opp sølv på vekt.
Dei leiger ein gullsmed som lagar ein gud,
så bøyer dei seg ned og tilbed han.
7 # 1 Kong 18,27ff; Sal 115,4ff; Jes 45,20; Jer 10,5 Dei tek han på skuldra, ber han med seg
og set han på plass.
Der står han
og rører seg ikkje frå plassen.
Ropar ein til han, svarar han ikkje,
han kan ikkje frelsa frå naud.
8Hugs dette med sorg,
ta det til dykk, de syndarar!
9 # 42,9+ Hugs dei første ting frå gammal tid!
For eg er Gud, og ingen annan,
eg er Gud, ingen er lik meg.
10 # 42,9 Frå opphavet fortel eg slutten,
på førehand fortel eg det som ikkje har hendt.
Eg seier: «Min plan står fast,
alt eg vil, det gjer eg.»
11 # 46,11 ein rovfugl persarkongen Kyros. >41,2; 45,1. Frå aust kallar eg ein rovfugl,
frå eit land langt borte
ein mann for min plan.
Det eg har sagt, lèt eg skje,
Det eg har tenkt, det gjer eg.
12Høyr på meg, de motlause hjarte,
de som er langt frå rettferd!
13 # Sal 98,2; Jes 56,1; 62,1; Luk 2,30ff Eg lèt mi rettferd koma nær,
ho er ikkje langt borte,
mi frelse er ikkje for sein.
Eg gjev frelse på Sion,
til Israel gjev eg min herlegdom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk