Jesaja 41

41
Herren og herskaren
1 # 1,18; 43,26 Ver stille for meg, de kystar!
Folka skal få ny kraft.
Lat dei koma nær og så tala si sak.
Lat oss saman gå fram for retten!
2 # 41,2 han … går persarkongen Kyros, som i 540-åra f.Kr. gjekk sigrande fram i Vesleasia. Jf. v. 25; 44,28; 45,1. Kven har vekt opp frå aust
han som møtest av siger
kvar han går?
Kven gjev folkeslag over til han
og lèt han undertrykkja kongar?
Hans sverd gjer dei til støv,
hans boge gjer dei til halm
som blæs bort.
3Han forfølgjer dei,
går uskadd fram,
foten er nesten ikkje nær vegen.
4 # 5 Mos 32,39; Jes 44,6; 48,12; Op 1,17f; 2,8; 22,13 Kven har utført og gjort dette?
Han som frå opphavs tid
kalla slektene fram.
Eg, Herren, er den første,
og eg er hos dei siste.
Eg er Han.
5Kystane ser det og fryktar,
endane av jorda skjelv.
Dei er nær, dei kjem.
Gudebilete er laga av menneske
6Den eine hjelper den andre,
til kvarandre seier dei: «Ver sterk!»
7 # 40,19; 44,12 Treskjeraren styrkjer gullsmeden,
og blekkslagaren styrkjer smeden ved ambolten.
Han seier om loddinga: «Ho er god»,
og styrkjer henne med naglar
så ho står fast.
Herren er med Israel
8 # 2 Krøn 20,7; Sal 136,22; Jes 43,10; 44,1.21; 45,4; 48,20; 49,3; Jer 30,10; 46,27f Men du Israel, min tenar,
Jakob, som eg har valt ut,
ætt av Abraham, min ven,
9 # 5 Mos 7,6; Jes 43,10; 44,1; 45,4 som eg greip tak i ved endane av jorda
og kalla frå hennar ytste grense.
Eg sa til deg: «Du er min tenar,
eg har valt deg ut og ikkje forkasta deg.»
10 # 1 Mos 15,1; Jos 1,9; Jes 43,1; Jer 1,8; Sef 3,16f Frykt ikkje, for eg er med deg,
ver ikkje redd, for eg er din Gud!
Eg gjer deg sterk og hjelper deg
og held deg oppe
med mi rettferds høgre hand.
11 # Job 8,22; Sal 6,11; 35,4; 86,17 Sjå, til skamme og til spott
blir alle som er harme på deg.
Dei blir til ingenting og går til grunne,
dei som går i rette med deg.
12Du skal leita, men ikkje finna
nokon som er i strid med deg.
Til inkje og ingenting
blir dei som er i krig med deg.
13For eg er Herren din Gud
som har gripe di høgre hand
og seier til deg: «Ver ikkje redd!
Eg hjelper deg.»
14 # 43,14 Ver ikkje redd, Jakob, du vesle makk,
og de, Israels menn!
Eg hjelper deg,
seier Herren.
Israels Heilage løyser deg ut.
15 # Am 1,3 # 41,15 treskjeslede reiskap til tresking av korn. Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,
kvass og ny, med mange taggar!
Du skal treskja fjell til støv
og gjera haugar til agner.
16 # Sal 35,27; 40,17; Jes 61,10 Du kastar dei i vêret
så vinden tek dei og stormen spreier dei.
Men du, du skal jubla i Herren
og vera stolt over Israels Heilage.
17 # 5 Mos 31,6.8; Jos 1,5; Hebr 13,5 Dei hjelpelause og fattige
leitar fåfengt etter vatn,
tunga tørkar ut av tørste.
Eg er Herren, eg skal svara dei,
eg er Israels Gud, eg skal ikkje forlata dei.
18 # Sal 107,35; Jes 30,25; 43,20 Eg opnar elvar på snaue høgder
og kjelder midt i dalane.
Eg gjer ørken til innsjø
og tørt land til oppkome.
19 # 55,13 Eg plantar sedrar i ørkenen,
akasie, myrt og oliventre.
Eg set sypress i øydemarka
saman med gran og buksbom
20så dei kan sjå og vita,
leggja merke til og saman skjøna
at Herrens hand har gjort det,
og at Israels Heilage har skapt det.
Herren eller avgudane
21Kom og legg saka fram! seier Herren.
Kom med prova! seier Jakobs konge.
22 # 43,9; 44,7 Lat dei koma og fortelja oss
kva som skal skje.
Fortel oss om dei første ting
så vi kan leggja merke til dei
og vita korleis det endar!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma.
23 # 42,9.17; Jer 10,5 Fortel om framtidsteikna
så vi kan vita at de er gudar!
Gjer berre noko, godt eller vondt,
så vi saman kan sjå det med uro!
24 # 44,9 Sjå, de er mindre enn inkje,
og det de gjer, er mindre enn ingenting.
Avskyeleg er det å velja dykk.
25 # Esra 1,2 # 41,25 ein frå nord den same som han frå aust i v. 2. Hærar frå aust laut gå nord for den syrisk-arabiske øydemarka for å koma til Israel. han skal kalla på mitt namn >45,1. Eg har vekt opp ein frå nord,
og han er komen.
Frå soloppgangen
skal han kalla på mitt namn.
Han trampar statthaldarar ned som søle
slik pottemakaren trampar leire.
26 # 43,9 Kven kunngjorde dette frå opphavs tid
så vi kunne vita det,
frå gamle dagar
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen fortalde det,
ingen gjorde det kjent,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27Eg er den første som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28Eg ser etter, men det finst ingen,
ikkje éin av dei som kan gje råd
så eg kunne spørja dei og få svar.
29 # Sal 96,5; Jer 10,3ff; 51,17f Nei, alle er dei inkje,
og det dei gjer, er ingenting.
Vind og tomt ingenting
er deira støypte bilete.

Markert nå:

Jesaja 41: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring