Jesaja 11

11
Den rettferdige kongen
1 # 4,2; Am 9,11; Rom 15,12 # 11,1 Isai far til kong David. Jf. 1 Sam 16,11ff; 22,7. Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe,
og eit skot skal spira fram frå hans røter.
2 # 9,6; 61,1; Matt 3,16 Herrens ande skal kvila over han,
ein Ande med visdom og forstand,
ein Ande med råd og styrke,
ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren.
3 # Sal 72,1ff; Joh 2,25 Han skal ha si glede i frykta for Herren.
Han skal ikkje dømma etter kva auga ser,
og ikkje skifta rett etter kva øyra høyrer.
4 # Job 4,9; Jes 49,2; Hos 6,5; 2 Tess 2,8 Han skal dømma fattige rettferdig,
i rettferd skal han skifta rett for dei hjelpelause i landet.
Han skal slå landet med riset i sin munn
og drepa dei urettferdige med pusten frå sine lepper.
5 # 59,17; Ef 6,14 Rettferd skal vera beltet om livet
og truskap beltet om hoftene hans.
6 # Job 5,23; Jes 65,25; Esek 34,25; Hos 2,18 Då skal ulven bu saman med lammet
og leoparden leggja seg hos kjeet.
Kalv og ungløve skal beita saman
medan ein smågut gjeter dei.
7Ku og bjørn skal beita,
ungane deira leggja seg saman,
og løva skal eta halm som oksen.
8Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen
og barnet strekkja handa ut mot ormebolet.
9 # Sal 2,6; 15,1; 24,3; Hab 2,14 Ingen skal skada eller øydeleggja noko
på heile mitt heilage fjell.
For landet er fylt av kjennskap til Herren
slik vatnet dekkjer havsens botn.
10 # Sak 2,15; Joh 1,14; Rom 15,12; Op 5,5 # 11,10 Isais rotskot Jf. v. 1. Den dagen skal Isais rotskot
stå som eit banner for folka.
Folkeslaga skal søkja han,
og hans bustad skal vera herleg.
Dei bortførte skal venda attende
11 # 2 Mos 15,16; Jes 10,21; Esek 29,14 # 11,11 Patros «landet i sør», Øvre Egypt. Kusj stormakt som låg sør for Egypt, og som styrte over Egypt ca. 760–656 f.Kr. Sinear >1 Mos 11,2. Hamat >2 Sam 8,9. Jf. Jes 10,9. Den dagen skal Herren for andre gong
rekkja ut si hand og kjøpa fri
resten av folket sitt,
dei som er att frå Assur, Egypt, Patros, Kusj,
Elam, Sinear, Hamat og frå kystlanda.
12 # Sal 147,2; Jes 18,3; 62,10 Han skal lyfta eit banner for folka,
samla dei fordrivne av Israel
og føra saman dei spreidde av Juda
frå verdsens fire hjørne.
13 # Jer 3,18 Då skal Efraims misunning forsvinna
og Judas fiendskap ryddast ut.
Efraim skal ikkje misunna Juda
og Juda ikkje vera fiendtleg mot Efraim.
14Dei skal slå ned på skuldra til filistrane i vest,
saman skal dei plyndra folka i aust.
Dei skal leggja hand på Edom og Moab,
ammonittane må lyda dei.
15 # 2 Mos 14,22; Sak 10,11 Då skal Herren tørka ut
havbukta ved Egypt
og svinga handa over Storelva.
Med ein sterk storm
skal han kløyva elva i sju bekkefar
så ein kan gå tørrskodd over.
16 # 2 Mos 14,29ff; Mi 7,15 Og det skal vera ein veg
for den resten som er att
av Herrens folk frå Assur,
slik det var for israelittane
den dagen dei drog opp frå Egypt.

Markert nå:

Jesaja 11: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring