Hosea 8
N11NN
8
Israel gløymde skaparen sin
1 # 5 Mos 28,49; Jes 58,1 Hornet til munnen!
Som ei ørn over Herrens hus!
For dei har brote mi pakt
og synda mot mi lov.
2Dei ropar til meg:
«Min Gud!
Vi, Israel, kjenner deg!»
3Men Israel har forkasta det gode,
fienden skal forfølgja dei.
4 # 5 Mos 8,19; 11,16f; 30,17f; Hos 13,11 Dei valde seg kongar som ikkje er frå meg,
valde seg hovdingar eg ikkje kjennest ved.
Av sølvet og gullet sitt laga dei seg gudebilete.
Difor skal dei utryddast.
5 # 8,5 kalven din gudebilete. Jf. 1 Kong 12,28f. Kast ut kalven din, Samaria!
Vreiden min logar mot dei.
Kor lenge skal det vara
før dei kan bli reine?
6 # 2 Mos 32,20; Jes 40,19f+ Dei er då frå Israel!
Men han er laga av ein handverkar,
og nokon gud er han ikkje,
sanneleg, til splintar skal han bli,
Samaria-kalven!
7 # Jer 12,13+; Mi 6,15 For vind sår dei, og storm skal dei hausta.
Kornet skyt ikkje aks
og gjev dei ikkje mjøl,
og gjev det mjøl, et framande det opp.
8Israel er oppeten,
no er dei lik eit kar
som ingen bryr seg om mellom folka.
9 # 5,13+ For dei fór bort til Assur
lik eit einsleg villesel.
Efraim kjøper seg kjærleik.
10Sjølv om dei kjøpslår med folka,
vil eg no driva dei saman.
Dei skal vri seg ei lita stund
under storkongens bør.
11 # 10,1; 12,12 Efraim har laga seg mange altar til syndoffer,
altar som har vorte til synd for han.
12Skriv eg mine mange lover,
blir dei rekna for noko framandt.
13 # Jes 1,11+; Hos 9,3; 11,5 Som offergåver til meg
ofrar dei kjøt og et det.
Herren bryr seg ikkje om dei.
No vil han hugsa skulda deira
og straffa syndene deira.
Dei må attende til Egypt.
14 # Jer 17,27; Hos 2,13; 13,6; Am 5,6 Israel gløymde sin skapar
og bygde seg slott,
Juda bygde mange festningsbyar.
Men eg vil senda eld mot byane hans,
han skal eta borgene deira.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk