Hosea 13

13
Når øydelegginga kjem
1 # 1 Kong 16,31f Når Efraim tala, tok redsla alle,
han var ein fyrste i Israel.
Men han førte skuld over seg ved Baal og døydde.
2 # 1 Kong 12,28; 19,18; 2 Kong 17,16 # 13,2 kysser kalvar tilbed bilete av Baal. >8,5; 10,5. Og no held dei fram med å synda;
av sølvet sitt har dei støypt seg bilete,
gudebilete etter sitt eige hovud,
alt saman laga av handverkarar.
Folk seier om dei:
«Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»
3 # Sal 1,4; Hos 6,4 Difor skal dei bli som morgondisen,
lik dogg som tidleg blir borte,
lik agner som blæs bort frå treskjeplassen,
lik røyk frå ljoren.
4 # 2 Mos 20,2f; 5 Mos 5,6f; Jes 45,21f Eg er Herren din Gud,
heilt frå Egypt.
Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje,
det finst ingen annan frelsar enn eg.
5 # 5 Mos 32,10 Eg tok meg av deg i ørkenen,
i det tørre landet.
6 # 5 Mos 31,20+; Hos 2,13+ Dei beitte og vart mette.
Då dei var mette, vart dei hovmodige,
difor gløymde dei meg.
7Eg har vorte mot dei som ei løve,
lik ein leopard lurer eg ved vegen.
8Eg vil koma over dei som ei binne
dei har teke ungane frå,
og riva opp brystet på dei.
Eg vil eta dei opp som ei løve;
dei ville dyra skal slita dei sund.
9 # Jer 2,17; 25,7 Når øydelegginga kjem, Israel,
kven skal hjelpa deg då?
10 # 1 Sam 8,5f Kvar er då kongen din
som kan berga deg i alle byane dine,
og kvar er dommarane dine?
Du har jo sagt:
«Gjev meg konge og hovdingar!»
11 # 1 Sam 8,6.9; 12,1ff; Hos 8,4 Eg gjev deg ein konge i min vreide,
og i min harme tek eg han bort.
12Efraims skuld er samla opp,
synda hans er gøymd.
13 # Sal 48,7; Jes 13,8 Når fødselsriene kjem,
er han eit barn utan forstand.
Når tida er der,
kjem han ikkje fram til livmormunnen.
14 # Jes 25,8+ # 13,14 fria … makt I 1 Kor 15,55 får uttrykket ei positiv tolking. Skal eg fria dei frå dødsrikets makt,
løysa dei ut frå døden?
Død, kvar er din pest?
Dødsrike, kvar er di sott?
Medkjensle er løynd for auga mine.
15 # 4,19 Ja, han skil brør frå kvarandre.
Det kjem ein austavind, eit Herrens vêr
som blæs opp frå ørkenen.
Då blir brønnen hans tom og kjelda tørr.
Han plyndrar skattkammeret
for alle dyre ting.

Markert nå:

Hosea 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring