Hosea 10
N11NN
10
Israel skal bli til skamme
1 # 5 Mos 6,10ff; Hos 3,4; 8,11+ # 10,1 altar … steinstøtter på offerstadene i Kanaan, der det gjekk føre seg urett gudsdyrking. Israel var ein frodig vinstokk
som bar mykje frukt.
Jo meir frukt,
dess fleire altar.
Jo betre land,
dess betre steinstøtter.
2Sleipt er hjartet deira,
no må dei ta på seg skulda.
Han skal bryta ned altara deira
og slå sund steinstøttene.
3No må dei seia:
«Vi har ingen konge,
for vi har ikkje frykta Herren.
Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
4 # 2 Mos 20,7; Am 6,12 Dei har tala tomme ord,
svore falskt og gjort pakter.
Retten blømer
som giftplanter i plogfòrene.
5 # 8,5; 10,8 # 10,5 kalven i Bet-Aven oksebiletet som kong Jeroboam 1. hadde sett opp i Betel. Jf. 1 Kong 12,28f. >Jos 7,2. Dei som bur i Samaria,
er redde kalven i Bet-Aven.
Folket hans sørgjer over han,
og avgudsprestane klagar,
for hans herlegdom er bortført.
6 # 5,13 Han skal òg førast til Assur
som gåve til storkongen.
Skam skal Efraim få,
Israel skal bli til skamme
på grunn av planane sine.
7Samaria skal gå til grunne,
kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
8 # 1 Mos 3,18; Luk 23,30; Op 6,16 Avens offerhaugar skal utslettast,
Israels synd.
Torn og tistel skal veksa
opp over altara deira.
Dei skal seia til fjella: Løyn oss!
og til haugane: Fall over oss!
9 # 10,9 Gibeas dagar >9,9. Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.
Der har dei vorte ståande.
Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?
Eg vil koma over ugjerningsmennene
10for å tukta dei.
Folkeslag skal samla seg mot dei
når dei blir tukta for si doble skuld.
11Efraim var ei tamd kvige
som gjerne ville treskja,
og eg sparte den vakre nakken hennar.
No vil eg spenna Efraim for,
Juda skal pløya og Jakob harva.
12 # Ordt 22,8+; Jes 44,3; 45,8; 55,10; Jer 4,3 Så med rettferd,
haust med kjærleik,
bryt dykk nybrot!
For no er det tid for å søkja Herren,
inntil han kjem
og lèt rettferd regna over dykk.
13 # Job 4,8; Hos 8,7 De har pløgd ned urett
og hausta vondskap
og ete frukta av løgn.
For du stola på din eigen veg
og på alle krigarane dine.
14 # Jes 13,16; Hos 14,1; Nah 3,10 # 10,14 Sjalman Det er uvisst kven det blir sikta til. Bet-Arbel by i Austjordanlandet, sidan kalla Arbela. Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt,
og alle borgene dine skal øydeleggjast,
slik Sjalman øydela Bet-Arbel
på stridens dag, då mor og born vart knuste.
15 # 2 Kong 17,6ff Slik vil eg gjera med dykk i Betel
fordi vondskapen dykkar er stor.
Når dagen gryr,
er det ute med Israels konge.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk