Hebrearane 12
N11NN
12
Trua sin opphavsmann og fullendar
1 # 1 Kor 9,24; Fil 3,12ff Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, 2#Fil 2,6ff; Hebr 2,10+; 8,1+ med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3#Luk 2,34 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
Gud oppdreg oss
4I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod. 5#Ordt 3,11f#12,5 viser … til rette kan òg omsetjast «oppdreg», jf. v. 7.9. Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born:
Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette,
mist ikkje motet når han refsar.
6 # Sal 94,12; Op 3,19 For den Herren elskar, viser han til rette,
og han straffar kvar son han tek seg av.
7Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette! 8Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva? 10For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han. 11#2 Kor 4,17f; 1 Pet 1,6f All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.
12 # Jes 35,3 Difor, styrk dei hangande hender
og dei skjelvande kne!
13 # Ordt 4,26f Lat føtene gå på beine vegar,
så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.
14 # Matt 5,8f; Rom 12,18 Jag etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren. 15#5 Mos 29,18 Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta. 16#1 Mos 25,33f Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat. 17#1 Mos 27,30ff De veit at han sidan vart bortvist då han ønskte å få velsigninga. Det var ikkje mogleg å venda om, endå han bad med tårer.
Sinai og Sion
18 # 2 Mos 19,16ff; 20,18ff; 5 Mos 4,11 De er ikkje komne til eit fjell de kan ta og kjenna på, ikkje til logande eld, til skyer, mørker og storm, 19ikkje til gjallande horn og ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å bli sparte for å høyra meir. 20#2 Mos 19,13 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: Om så eit dyr rører ved fjellet, skal det steinast. 21#5 Mos 9,19 Ja, så skremmande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» 22#Gal 4,26; Op 14,1; 21,2#12,22 Sion-fjellet tempelhøgda i Jerusalem. Jf. 2 Sam 5,6ff; Sal 48. Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring, 23#Luk 10,20 til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga, 24#8,6+; 11,4; 1 Pet 1,2 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 # 2,2f Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala guddomsord her på jorda, kom ikkje unna. Endå mindre skal vi koma unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26#Hag 2,6 Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med. 27#Matt 24,35; 2 Pet 3,12f Her står det: «endå ein gong». Dette viser at det som kan rokkast fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rokkast, skal bli ståande. 28Sidan vi får eit urokkeleg rike, så lat oss vera takksame og slik tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til glede for Gud. 29#5 Mos 4,24 For vår Gud er ein fortærande eld.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk