Habakkuk 2

2
Den rettferdige og fienden
1 # Jes 21,6ff; Esek 3,17; 33,7 No vil eg stå på vakt,
stilla meg på muren og speida
og sjå kva han vil seia til meg,
kva svar eg får på mitt klagemål.
2 # Jes 8,1; 30,8; Jer 36,2 Herren svara meg:
Skriv synet tydeleg på tavler
så det blir lett å lesa!
3 # Sal 27,14; Esek 12,23; Hebr 10,37 For synet ventar på si fastsette tid,
det vitnar om enden, og det lyg ikkje.
Om det dryger, så berre vent!
For koma skal det, det kjem ikkje for seint!
4 # Esek 14,14; Rom 1,17; Gal 3,11; Hebr 10,38 # 2,4 i han fienden. Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.
Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.
5 # Ordt 27,20 # 2,5 vinen Ein bibelkommentar frå =Qumran har «rikdomen». Sanneleg, vinen er trulaus.
Den stolte skal ikkje nå sitt mål.
Som dødsriket spilar han opp gapet,
han er umettande som døden.
Han samlar alle folkeslag hos seg,
sankar saman alle folk.
Ve undertrykkjaren
6Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:
Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans
– kor lenge? –
og gjer seg rik på pantsett gods!
7Långjevarane dine reiser seg brått,
dei som får deg til å skjelva, vaknar.
Då skal du bli eit rov for dei.
8 # Ob 15 For du har plyndra mange folkeslag;
no skal resten av folka plyndra deg
til gjengjeld for menneskeblodet
og valden mot landet og byen
og alle som bur der.
9 # Jer 6,13 Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt hus
og legg reiret sitt høgt
for å berga seg frå vondskaps hand!
10Til skam for ditt hus har du planlagt
å gjera ende på mange folk;
du set ditt eige liv på spel.
11For steinen i muren skal ropa,
og bjelken i treverket skal svara.
12 # Jer 22,13; Mi 3,10 Ve den som byggjer ein by med blod
og grunnlegg han med urett!
13 # Jer 51,58 Sjå, dette kjem frå Herren over hærskarane:
Det folka strevar for, går opp i logar,
folkeslaga slit seg ut til inga nytte.
14 # Jes 11,9 Jorda skal fyllast med kunnskap
om Herrens herlegdom
slik vatnet dekkjer havsens botn.
15 # 1 Mos 9,20ff; Nah 3,5 Ve den som skjenkjer sin neste,
blandar gift i drikken og gjer han rusa
så han kan sjå han naken.
16 # Sal 60,5; Jes 51,17; Jer 25,15ff; 51,7 Du blir mett av skam og ikkje av ære.
Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!
Begeret i Herrens høgre hand
skal koma til deg,
og di ære skal gøymast av skam.
17Valden mot Libanon skal koma over deg,
mishandlinga av dyra skal ramma deg.
Du auste ut menneskeblod,
gjorde vald mot landet
og byen og alle som bur der.
18 # Sal 115,4ff; Jes 40,19f; 41,6f; 44,9ff; Jer 2,11; 1 Kor 12,2 Kva hjelper eit gudebilete
som ein handverkar har skore ut,
eit støypt bilete som gjev falske svar?
Men handverkaren lit på sitt eige arbeid
og lagar mållause avgudar.
19Ve den som seier: «Vakna!» til ein trestokk,
«Stå opp!» til ein mållaus stein.
Kva slags svar kan han gje?
Visst er han kledd i gull og sølv,
men det er ikkje ånd i han.
20 # Sal 11,4; 46,11; Sef 1,7 Herren er i sitt heilage tempel;
ver stille for han, heile jorda!

Markert nå:

Habakkuk 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring