Habakkuk 1
N11NN
1
1Bodskapen som profeten Habakkuk fekk sjå.
Retten når ikkje ut
2 # Sal 13,1f; 74,10 Kor lenge, Herre, skal eg ropa
utan at du høyrer,
skrika til deg om vald
utan at du frelser?
3 # Jer 20,8 Kvifor lèt du meg sjå urett?
Korleis kan du sjå på ulukke?
Herjing og vald like ved meg,
det blir strid,
det kjem til trette.
4 # Ordt 17,23; Jes 59,12ff; Jer 12,1 Difor er lova kraftlaus,
og retten når aldri ut.
For den urettferdige kringset den rettferdige,
difor blir retten vrangsnudd.
Kaldearane
5 # Apg 13,41 Sjå på folkeslaga, sjå dykk om,
forvirr dykk sjølve og ver forvirra!
For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning,
de ville ikkje tru det om det vart fortalt!
6 # Jer 4,6ff; 5,15f; 21,4f; 27,6f Sjå, eg reiser opp kaldearane,
det brutale og raske folkeslaget
som fer så vidt omkring på jorda
og tek bustader som ikkje høyrer dei til.
7Skremmande og fryktelege er dei,
deira rett og heider kjem frå dei sjølve.
8Raskare enn leopardar er hestane deira,
villare enn ulvar i øydemarka.
Ryttarane deira jagar av stad,
ryttarane kjem frå det fjerne,
dei flyg som ørna på jakt etter føde.
9Alle kjem dei og vil gjera valdsverk,
dei rykkjer fram i flokk,
dei samlar fangar som sand.
10Dei gjer narr av kongar
og gjer fyrstar til lått.
Dei ler av kvar festning,
kastar opp ein jordvoll og tek henne.
11Så fer dei vidare og blir borte som vinden.
Dei fører skuld over seg.
Deira styrke er deira gud.
Profeten klagar over urett
12 # 1,12 dei kaldearane. Jf. v. 6. Er ikkje du frå gammal tid,
Herre, min heilage Gud,
du som aldri døyr!
Herre, du har sett dei til å dømma,
vårt berg, du har gjeve dei fullmakt til å straffa.
13 # Job 21,7ff; Sal 5,4ff; Jer 12,1 Auga er for reine til å sjå det vonde,
ulukke orkar du ikkje å sjå på.
Så korleis kan du sjå på dei trulause
og teia når den urettferdige sluker
den som er meir rettferdig enn han sjølv?
14 # 1 Kong 22,17 Du gjer mennesket lik fisken i havet,
lik kryp utan herskar.
15Dei dreg dei alle opp med krok,
halar dei inn med not
og samlar dei i garnet.
Difor gleder dei seg og jublar.
16 # 1,16 ofrar dei til nota Det hende at fiskarane viste religiøs age for dei reiskapane som gav dei fangst. Difor ofrar dei til nota
og tenner offereld for garnet.
For frå dei får dei rik fangst
og feit mat.
17 # 1,17 tømma nota Ein bibelkommentar frå =Qumran har «dra sverdet». Skal dei då alltid få tømma nota
og utan medkjensle gjera ende på folkeslag?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk