1. Mosebok 8
N11NN
8
1Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alt feet som var med han i arka. Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga. 2#7,11 Kjeldene i djupet og slusene i himmelen vart stengde, regnet frå himmelen stansa, 3og vatnet drog seg bort frå jorda litt etter litt. Då 150 dagar var lidne, byrja vatnet å minka.
4 # 8,4 Ararat-fjella fjelltrakter i Armenia. Jf. 2 Kong 19,37. Den syttande dagen i den sjuande månaden vart arka ståande på Ararat-fjella. 5Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne.
6Då førti dagar var lidne, opna Noah luka han hadde laga på arka, 7og sleppte ut ramnen. Han flaug att og fram til vatnet hadde tørka bort frå jorda. 8Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata. 9Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. 11Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda. 12Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir.
13I det året Noah fylte 601 år, den første dagen i den første månaden, hadde vatnet tørka bort frå jorda. Då tok Noah taket av arka og såg ut. Og sjå, jordoverflata hadde tørka opp. 14Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var jorda tørr.
15Og Gud tala til Noah: 16«Gå ut av arka, du og kona di og sønene dine og svigerdøtrene dine med deg! 17#1,22.28 Alle dyra som er hos deg, alt som lever, både fugl og fe og alt kryp som det kryr av på jorda, skal du ta med deg. Det skal myldra av dei på jorda, og dei skal vera fruktbare og bli mange.» 18Så gjekk Noah ut saman med sønene sine og kona si og svigerdøtrene sine. 19Og alle ville dyr og alt fe og alle fuglar og alt kryp som det kryr av på jorda, art etter art, gjekk ut av arka.
20 # 12,8; 13,4.18; 26,25; 1 Sam 7,17; 14,35 # 8,20 brennoffer =offer og soning. Noah bygde eit altar for Herren, og han tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. 21#6,5; 9,11; 2 Mos 29,18; 3 Mos 1,9 Og Herren kjende den gode angen. Då sa Herren i sitt hjarte: «Eg vil aldri meir forbanna jorda for mennesket skuld, sjølv om menneskehjartet vil det vonde frå ungdomen av. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, slik eg no har gjort.
22Så lenge jorda står,
skal såtid og innhausting, kulde og hete,
sommar og vinter, dag og natt
aldri ta slutt.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk