1. Mosebok 46
N11NN
46
Jakob dreg til Egypt
1Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans. 2#20,3+ Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.» 3Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der. 4#50,1 Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.»
5Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han. 6Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. Så kom Jakob og heile ætta hans med han til Egypt. 7Han hadde med seg heile ætta si til Egypt, sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene.
8 # 2 Mos 1,1ff; 6,14ff; 4 Mos 26,5ff; 1 Krøn 2–8 Dette er namna på israelittane som kom til Egypt, Jakob og etterkomarane hans: Ruben, den førstefødde sonen til Jakob 9og sønene hans: Henok, Pallu, Hesron og Karmi; 10sønene til Simon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, son til ei kvinne frå Kanaan; 11sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari; 12sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul; 13sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron; 14sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jahleel. 15Dette var sønene til Lea, som ho fødde Jakob i Paddan-Aram. I tillegg fekk ho dottera Dina. I alt var det trettitre søner og døtrer.
16Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli; 17sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, dessutan Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel. 18Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Desse fødde ho Jakob, seksten i talet.
19Sønene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin. 20#41,50ff Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fødde han Manasse og Efraim. 21Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard. 22Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet.
23Son til Dan: Husjim; 24sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem. 25Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.
26Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans. 27#2 Mos 1,5; 5 Mos 10,22 Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.
28Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen. 29Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans. 30Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»
31Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg. 32Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg. 33Når så farao kallar på dykk og spør: «Kva har de til leveveg?» 34#43,32 skal de svara: «Tenarane dine har levd av buskapen frå ungdomen av og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen, for gjetarar er noko avskyeleg for egyptarane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk