1. Mosebok 42
N11NN
42
Brørne kjem til Egypt
1 # Apg 7,12 Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og ser på kvarandre? 2Eg høyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan leva og ikkje døy!» 3Ti av brørne til Josef drog då for å kjøpa korn i Egypt. 4Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brørne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.» 5Såleis var Israels søner blant dei som kom for å kjøpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan.
6 # 41,40+ No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. Brørne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda. 7Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men han lét som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå landet Kanaan for å kjøpa mat.»
8Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han. 9#37,7.9 Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 10«Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for å kjøpa mat. 11Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.» 12Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 13Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vår i dag, og ein er ikkje meir.» 14Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar! 15Slik skal de bli sette på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit! 16Lat ein av dykk reisa og henta bror dykkar, medan de andre blir verande her som fangar. Slik skal det prøvast om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så sant som farao lever.» 17Så heldt han dei i forvaring i tre dagar.
18Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer de som eg seier, skal de få leva, for eg fryktar Gud. 19No får vi sjå om de er ærlege. Ein av brørne dykkar skal vera att i forvaring medan de andre skal dra i veg med korn til dei som svelt heime hos dykk. 20Kom så hit til meg med yngste bror dykkar. Då er ordet dykkar til å lita på, og de skal sleppa å døy.» Og såleis gjorde dei.
21Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.» 22#37,21f.26 Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.» 23Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk. 24Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira.
25Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort. 26Så leste dei kornet på esla og drog derifrå. 27Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken. 28Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
29Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei: 30«Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet. 31Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar. 32Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan. 33Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg. 34Kom så til meg med den yngste bror dykkar. Då kan eg vita at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Så skal de få att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.»
35Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane. 36Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.»
37Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!» 38#44,22.29ff Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk