1. Mosebok 37
N11NN
37
Josef og brørne hans
1 # 35,27; Hebr 11,9 Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde budd i som innflyttar. 2Dette er slektshistoria til Jakob.
Då Josef var sytten år gammal, gjette han småfeet i lag med brørne sine. Som ung gut var han saman med sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med. 3Israel elska Josef meir enn alle dei andre sønene, for han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein forseggjord kjortel til han. 4Men då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre, la dei han for hat og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.
5Ein gong hadde Josef ein draum. Den fortalde han brørne sine. Då hata dei han endå meir. 6Han sa til dei: «Høyr kva eg har drøymt! 7Sjå, vi var ute på åkeren og batt kornband, og kornbandet mitt reiste seg og vart ståande, medan kornbanda dykkar stilte seg rundt mitt og bøygde seg for det.» 8Då sa brørne til han: «Skal du vera konge over oss? Skal du rå over oss?» Så hata dei han endå meir for draumane hans og for det han sa. 9Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» 10Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?» 11Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.
12Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem. 13Då sa Israel til Josef: «Brørne dine gjeter ved Sikem. Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Her er eg.» 14Då sa far hans: «Gå no og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet. Kom så og sei meg det!» Så sende faren han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.
15Ein mann trefte på han medan han flakka omkring på marka. «Kva leitar du etter?» spurde mannen. 16«Eg leitar etter brørne mine», svara han. «Kan du seia meg kvar dei gjeter?» 17#37,17 Dotan stad ca. 25 km nord for Sikem. Mannen sa: «Dei er farne herifrå, for eg høyrde at dei sa: Kom, vi dreg til Dotan!» Då gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan. 18Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans. 19Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren. 20Kom, vi drep han! Vi kastar han i ein av brønnane og seier at eit rovdyr har ete han opp. Så skal vi sjå kva det blir av draumane hans.»
21 # 42,22 Men då Ruben høyrde det, ville han berga han frå dei. Han sa: «Vi må ikkje slå han i hel!» 22Så sa Ruben til dei: «Lat det ikkje renna blod! Kast han ned i denne brønnen her i ørkenen, men legg ikkje hand på han.» Dette sa han for å berga han frå dei og ta han med attende til far hans. 23Då Josef kom fram til brørne sine, reiv dei av han den fine kjortelen han hadde på seg. 24#Jer 38,6; Sak 9,11 Så tok dei og kasta han i brønnen. Brønnen var tom, det fanst ikkje vatn der.
25Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt. 26Då sa Juda til brørne sine: «Kva har vi att for å drepa bror vår og dekkja over blodet hans? 27Kom, så sel vi han til ismaelittane. Lat oss ikkje leggja hand på han, for han er bror vår, vårt eige kjøt.» Og brørne lydde han. 28#39,1; Sal 105,17; Apg 7,9#37,28 kjøpmenn frå Midjan, ismaelittane kanskje same gruppa. Jf. Dom 8,22–24. 20 sjekel ca. 228 g. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.
29 # 37,29 reiv han sund kleda teikn på sorg eller audmjuking, jf. v. 34. =sørgjeskikkar. Då Ruben kom til brønnen igjen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine. 30Han gjekk tilbake til brørne og sa: «Guten er borte. Kvar skal eg no gjera av meg?»
31Då tok dei kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og dyppa kjortelen i blodet. 32Den fine kjortelen sende dei til faren og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen til son din.» 33Han såg etter og sa: «Det er kjortelen til son min. Eit rovdyr har ete han opp, Josef har vorte ihelriven!» 34#37,34 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger, jf. v. 29. Og Jakob reiv sund kleda sine, batt sekkestrie kring hoftene og sørgde over son sin i lange tider. 35Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han, men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg skal eg fara ned til son min i dødsriket», sa han. Og faren gret over son sin.
36Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk