1. Mosebok 27
N11NN
27
Jakob lurer til seg velsigninga
1Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.» 2Så sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy. 3Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg! 4Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim. 6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa: 7Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr. 8Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier! 9Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt. 10Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11 # 25,25 Då sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt. 12Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.» 13«Den forbanninga skal eg ta på meg, son min», sa mora. «Høyr berre på meg og gå og hent kjea!» 14Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt. 15Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei. 16Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans. 17Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.
18Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?» 19Då sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!» 20Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?» Han svara: «Herren din Gud lét det springa rett imot meg.» 21Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, son min, så eg kan få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!» 22Jakob gjekk bort til far sin så han fekk kjenna på han, og Isak sa: «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.» 23Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.
24Så spurde han: «Er du verkeleg Esau, son min?» Jakob svara: «Ja, det er eg.» 25Då sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk. 26Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, son min!» 27#Hebr 11,20 Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa:
«Kjenn, lukta av son min
er lik lukta av ei eng
som Herren har velsigna!
28Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen,
fruktbar jord
og overmål av korn og ny vin!
29 # 25,23+ Folk skal tena deg,
folkeslag bøya seg for deg.
Ver herre over brørne dine,
sønene til mor di skal bøya seg for deg.
Forbanna er dei som forbannar deg,
velsigna er dei som velsignar deg!»
30Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han hadde berre så vidt gått ut frå far sin – kom Esau, bror hans, heim att frå jakta. 31Han òg laga nokre velsmakande retter og bar dei inn til far sin. «Far», sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet som son din kjem med, så du kan velsigna meg!» 32Isak, far hans, spurde: «Kven er du?» Han svara: «Eg er Esau, den førstefødde son din.» 33Då byrja Isak å skjelva, han skalv veldig og sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og så velsigna eg han, så no er han velsigna.» 34#Hebr 12,17 Då Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. Så sa han: «Velsigna meg òg, far!» 35Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.» 36#27,36 Jakob >25,26. Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?» 37Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?» 38«Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt. 39Då sa Isak til han:
«Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu,
der inga dogg fell frå himmelen.
40 # 2 Kong 8,20.22 Av sverd skal du leva,
og bror din skal du tena.
Men når du riv deg laus,
skal du kasta åket hans av nakken.»
41Esau la Jakob for hat på grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa Jakob, bror min.» 42Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. 43Høyr no på meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran! 44Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din, 45#2 Sam 14,1ff til vreiden hans har vendt seg frå deg og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg derifrå. Kvifor skulle eg mista dykk begge på ein og same dagen?»
Isak sender Jakob til Laban
46 # 26,34f Rebekka sa til Isak: «Desse hetittkvinnene tek livet av meg. Dersom Jakob tek seg ei slik hetittkvinne til kone, ei kvinne frå dette landet, kva skal eg då leva for?»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk