1. Mosebok 26

26
Isak og Rebekka i Gerar
1 # 12,10+ Det vart hungersnaud i landet, ei anna enn den første hungersnauda, den som var på Abrahams tid. Då drog Isak til Gerar, til filistarkongen Abimelek. 2Herren synte seg for han og sa: «Dra ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet som eg gjev deg bod om! 3#12,7+; 28,15; 31,3; 39,2f.23; 5 Mos 31,8; Jos 1,5 Slå deg til her i landet, så vil eg vera med deg og velsigna deg! For til deg og til di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal oppfylla den eiden eg svor Abraham, far din. 4#13,16+ Eg skal gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen. Alle desse landa skal eg gje til ætta di. Og ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg, 5fordi Abraham høyrde på meg og heldt seg til det eg har fastsett, mine bod, forskrifter og lover.» 6Så vart Isak buande i Gerar.
7 # 12,13 Då mennene på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia «kona mi», fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka. For ho var overlag vakker. 8#26,8 kjærteikna Det hebr. ordet spelar på namnet Isak. Jf. 17,17; 21,3.9. Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak kjærteikna Rebekka, kona si. 9Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.» 10Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!» 11Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»
12Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundre gonger det han hadde sådd. Herren velsigna han 13så han vart rik. Han vart meir og meir velståande, og til slutt var han svært rik. 14Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han. 15#21,25 Alle brønnane som slavane til far hans hadde grave medan Abraham levde, tetta filistrane og fylte med jord. 16Då sa Abimelek til Isak: «Dra bort frå oss! Du har vorte altfor mektig for oss.» 17Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Der vart han buande.
18Sidan drog Isak tilbake og grov opp att brønnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistrane hadde fylt att etter at Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei. 19Då slavane til Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei kjelde med rennande vatn. 20#26,20 Esek Namnet liknar det hebr. ordet for «å tretta». Men gjetarane frå Gerar tretta med gjetarane til Isak og sa: «Vatnet er vårt!» Han kalla brønnen Esek fordi dei tretta med han. 21#26,21 Sitna Namnet liknar det hebr. ordet satan, «motstandar», «klagar». Sidan grov dei ein brønn til, men det vart strid om den òg, så den kalla han Sitna. 22#26,22 Rehobot hebr. for «ope rom». Så drog han derifrå og grov endå ein brønn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjeve oss nok rom, så vi kan vera fruktbare i landet.»
Pakta med Abimelek
23Derifrå drog Isak opp til Beer-Sjeba. 24#12,2f+ Same natta synte Herren seg for han og sa:
«Eg er Gud til Abraham, far din.
Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Eg vil velsigna deg
og gjera ætta di talrik
for Abraham, min tenar, skuld.»
25Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han slo òg opp teltet sitt der, og slavane grov ein brønn.
26 # 21,22ff Abimelek kom til han frå Gerar saman med Ahussat, venen sin, og Pikol, hærføraren. 27Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har sendt meg bort frå dykk?» 28Dei svara: «Vi har sett at Herren er med deg, og vi har tenkt at det burde vera ein gjensidig eid mellom oss og deg! Vi vil gjera ei pakt med deg. 29Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom vi heller ikkje rørte deg, men berre gjorde godt mot deg og sende deg bort i fred. For no er du velsigna av Herren30Så heldt han eit festmåltid for dei, og dei åt og drakk. 31Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så tok Isak farvel med dei, og dei drog bort i fred. 32Same dagen kom slavane og fortalde Isak om brønnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei. 33#26,33 Beer-Sjeba >21,31. Han kalla brønnen Sjiba. Difor heiter byen Beer-Sjeba den dag i dag.
34 # 24,3+; 36,2 Då Esau var førti år gammal, tok han Judit, dotter til hetitten Beeri, og Basmat, dotter til hetitten Elon, til koner. 35#27,46 Dei vart til sorg for Isak og Rebekka.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring