1. Mosebok 24
N11NN
24
Isak får Rebekka til kone
1Abraham var no gammal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han på alle vis. 2#15,2#24,2 den eldste tenaren Elieser frå Damaskus, jf. 15,2. Legg … fanget symbolsk handling som skulle stadfesta eiden, v. 3, jf. 47,29. Då sa Abraham til den eldste tenaren i huset, han som styrte over alt han eigde: «Legg handa di i fanget mitt, 3#26,34f; 28,1f; 2 Mos 34,16; 5 Mos 7,3f; Dom 3,6; 1 Kong 11,1f så vil eg ta deg i eid ved Herren, Gud over himmel og jord, på at du ikkje skal ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane som bur omkring meg, 4#24,4 mitt land Harran i Mesopotamia, jf. 11,31; 24,10. men at du skal dra til mitt land og mi slekt og henta ei kone til Isak, son min.» 5Tenaren sa til han: «Kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg hit til dette landet. Skal eg då ta son din med tilbake til det landet som du drog ut frå?» 6Abraham svara: «Pass på at du aldri fører son min dit att! 7#12,7+Herren, Gud i himmelen, tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, og han tala til meg og svor på å gje ætta mi dette landet. Han skal senda sin engel framfor deg så du kan henta ei kone til son min der. 8Men vil ikkje kvinna følgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Ta berre ikkje son min tilbake dit!» 9Då la tenaren handa si i fanget til Abraham, herren sin, og lova han dette med eid.
10 # 24,10 aramearlandet mellom elvane Mesopotamia. byen der Nahor budde Harran, jf. 11,31. >24,4. Så tok tenaren ti av kamelane til herren sin og drog av stad med alle slag kostelege saker. Han gav seg i veg til aramearlandet mellom elvane, til byen der Nahor budde. 11#29,2; 2 Mos 2,16f Han lét kamelane leggja seg ned ved ein brønn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tida kvinnene plar gå ut for å henta vatn. 12Så sa han: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat det lukkast for meg i dag, og syn at du er god mot Abraham, herren min! 13Sjå, her står eg ved vasskjelda medan døtrene frå byen kjem for å dra opp vatn. 14Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»
15 # 22,23 Og sjå, før han var ferdig med å be, kom Rebekka, dotter til Betuel, son til Milka, som var gift med Nahor, bror til Abraham. Ho kom ut med krukka si på aksla. 16Jenta var overlag vakker, ei jomfru som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, fylte krukka og kom opp att. 17Då sprang tenaren imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn frå krukka di!» 18Ho svara: «Drikk, herre!» Straks lyfte ho krukka ned på armen og gav han å drikka. 19Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.» 20Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans. 21Mannen såg på henne utan å seia noko. No skulle han få vita om Herren hadde late reisa hans lukkast eller ikkje.
22 # 24,22 1/2 sjekel ca. 6 g. 10 sjekel ca. 114 g. Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel. 23Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?» 24Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor. 25Vi har rikeleg av både halm og fôr», sa ho, «husrom til overnatting har vi òg.» 26Då bøygde mannen seg til jorda og tilbad Herren. 27Han sa: «Velsigna er Herren, som er Gud for Abraham, herren min! Han har aldri slutta vera god og trufast mot herren min. På vegen har Herren ført meg til huset der slekta til herren min bur.»
28Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt. 29Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda. 30Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda. 31Laban sa: «Kom, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har gjort huset i stand og gjort plass for kamelane.» 32Då kom mannen inn i huset og leste av kamelane. Han fekk halm og fôr til dyra, og vatn så han og dei som var med han, kunne vaska føtene. 33Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.
34Då sa han: Eg er tenaren til Abraham. 35Herren har velsigna min herre rikt, så han har vorte ein stor mann. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, slavar og slavekvinner, kamelar og esel. 36Og Sara, kona til herren min, har fødd han ein son på sine gamle dagar. Han har gjeve sonen alt han eig. 37No har herren min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane i landet der eg bur. 38Men du skal dra til farshuset mitt og slekta mi og henta ei kone til son min.» 39Då sa eg til herren min: «Men kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg?» 40#17,1 Han svara: «For Herrens andlet har eg levd. Han skal senda sin engel saman med deg og la reisa di lukkast, så du kan henta ei kone til son min frå slekta mi og farshuset mitt. 41Men du skal vera løyst frå eiden til meg dersom du kjem til slekta mi og dei ikkje vil gje henne til deg. Då er du løyst frå eiden.» 42I dag, då eg kom til kjelda, sa eg: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat denne reisa mi lukkast! 43Sjå, her står eg ved vasskjelda. Lat det gå slik at når det kjem ei ung jente ut for å dra opp vatn, og eg seier til henne: Lat meg få drikka litt vatn av krukka di! 44og ho svarar: Berre drikk, du, og eg skal dra opp vatn til kamelane dine òg, då er ho den kvinna som Herren har valt ut for son til herren min.» 45Og sjå, før eg var ferdig med å be i hjartet mitt, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og drog opp vatn. Då sa eg til henne: «Lat meg få drikka!» 46Straks lyfte ho krukka ned og sa: «Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka.» Eg drakk, og ho gav òg kamelane å drikka. 47«Kven er du dotter til?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nahor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og la armbanda om handledda. 48Så bøygde eg meg til jorda og tilbad Herren. Eg velsigna Herren, som er Gud for Abraham, herren min. For han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne ta ei jente av slekta etter bror til herren min som kone for son hans. 49Vil de no vera gode og trufaste mot herren min, så fortel meg det! Og vil de ikkje, så fortel meg det òg, så eg kan vita om vegen går til høgre eller til venstre.
50Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten for eller mot. 51Sjå, her står Rebekka framfor deg. Ta henne med! Ho skal bli kone for son til herren din, slik Herren har sagt!» 52Då tenaren til Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren. 53Så tok han fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Han hadde òg kostelege gåver til broren og mora. 54Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der natta over.
Då dei stod opp neste morgon, sa han: «Lat meg få dra tilbake til herren min!» 55Men broren og mor hennar sa: «Lat jenta vera hos oss ei tid, ti dagar eller så! Deretter kan du dra.» 56Då svara han: «Hald meg ikkje tilbake no når Herren har late reisa mi lukkast! Lat meg få dra heim til herren min!» 57Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.» 58Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.» 59Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans. 60#22,17 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:
«Måtte du, vår syster,
bli til tusen gonger ti tusen!
Måtte di ætt ta
fiendens portar!»
61Så steig Rebekka og tenestejentene hennar opp på kamelane og følgde tenaren. Han tok Rebekka med seg og drog i veg.
62 # 16,14+ # 24,62 Lahai-Ro'i-brønnen >16,14. Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen. 63I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg. 64Då Rebekka såg opp og fekk auge på Isak, steig ho snøgt ned frå kamelen. 65Ho spurde tenaren: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Tenaren svara: «Det er herren min.» Då tok ho sløret og dekte seg til. 66Tenaren fortalde no Isak alt det han hadde gjort. 67Så førte Isak Rebekka inn i teltet som Sara, mor hans, hadde eigd. Han tok Rebekka til kone, og han elska henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mora.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk