Esekiel 47
N11NN
47
Livsens elv
1 # Sak 14,8; Op 22,1 Han førte meg tilbake til tempelinngangen. Og sjå, vatn strøymde ut under dørstokken på austsida av tempelet, for framsida på tempelfasaden vender mot aust. Vatnet rann ned på høgre sida av tempelet, sør for altaret. 2Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute følgde han meg omkring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, vatnet sildra fram på høgre sida.
3Mannen gjekk austover med ei målesnor i handa. Han målte opp tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til anklane. 4Han målte tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til knes. Så målte han opp tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til hoftene. 5Atter målte han opp tusen alner. No var det ei elv som eg ikkje kunne vada over. For vatnet hadde stige til ei elv der ein måtte symja; ho lét seg ikkje vada.
6Han sa til meg: «Ser du, menneske?» Så førte han meg tilbake til elvebredda. 7#Op 22,2 Og sjå, då eg kom tilbake, var det ei mengd med tre langs elva på begge sider. 8#47,8 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. Han sa til meg: «Dette vatnet renn til områda i aust og ned på Araba-sletta. Når det renn ut i sjøen, blir vatnet der friskt. 9Alle levande skapningar som det kryr av alle stader der denne elva renn, skal få leva. Der skal det bli ei mengd med fisk. For der dette vatnet kjem, blir alt friskt og levande, alt som er der elva renn. 10#47,10 En-Gedi midt på veststranda av Daudehavet. En-Eglajim langt nord på veststranda av Daudehavet. Det skal stå fiskarar frå En-Gedi til En-Eglajim. Der skal det vera tørkeplass for garn. Det skal finnast fisk av same slag som i Storhavet, i store mengder. 11Men myrane og sumpane skal ikkje bli friske. Av dei skal det vinnast ut salt. 12#Sal 1,3; Op 22,2 På kvar side av elva skal det veksa alle slags tre til å eta av. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt, for vatnet dei får, kjem frå heilagdomen. Frukta skal vera til føde, og blada skal gje helse.»
Landegrensene
13 # 1 Mos 48,5; Jos 17,17 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israel-stammane. Josef skal ha to delar. 14#1 Mos 15,18; Esek 20,42 De skal ta det i eige, den eine like mykje som den andre. Med lyft hand lova eg å gje det til fedrane dykkar, og no skal landet falla på dykk til odel og eige.
15 # 47,15 landegrensene grensene slik dei var då riket var på det største, medan David var konge. Jf. 4 Mos 34,3–12. Dette er landegrensene.
I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad, 16#47,16 Havran fjelland aust for Basan. Berota og Sibrajim – mellom Damaskus-området og Hamat-området – til Hasar-Enon ved Havran-området. 17Grensa går frå havet til Hasar-Enon. I nord ligg områda til Damaskus og Hamat. Dette er nordgrensa.
18I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.
19 # 4 Mos 20,13; 34,5; Esek 48,28 I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.
20I vest: Storhavet dannar grense til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestgrensa.
21De skal dela dette landet mellom dykk, mellom stammane i Israel. 22#3 Mos 19,34; 4 Mos 26,55; Jos 14,2 De skal dela det ut til eigedom mellom dykk sjølve og innflyttarane som held til blant dykk og har fått born blant dykk. Dei skal vera for dykk som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få utskift eigedom mellom stammane i Israel. 23I den stammen der innflyttaren bur, skal de gje han eigedom, seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk