Esekiel 39

39
Herren straffar Gog
1 # 38,2ff Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal! 2Eg snur deg rundt og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og fører deg opp på fjella i Israel. 3Der slår eg bogen ut av venstre handa di og lèt pilene detta ut av den høgre. 4#29,5; 32,4f; Op 19,17f På fjella i Israel skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slags rovfuglar og for villdyr. 5På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.
6Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på kystane. Dei skal få kjenna at eg er Herren. 7Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn bli vanæra. Då skal folkeslaga kjenna at eg, Herren, er heilag i Israel. 8Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Dette er dagen eg har tala om.
9Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut. Dei skal setja fyr på våpna og brenna opp både rundskjold og langskjold, bogar og piler, klubber og spyd. Dei skal fyra med dei i sju år. 10Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane, for dei nører elden med våpna. Dei skal røva frå dei som røva dei, og plyndra dei som plyndra dei, seier Herren Gud.
11Den dagen gjev eg Gog ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen, «ferdadalen», austafor sjøen. Dalen skal stengja vegen for dei som ferdast der. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast Gog-flokkens dal. 12I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan bli reint. 13Alt folket i landet skal gravleggja dei og få ære av det den dagen eg viser min herlegdom, seier Herren Gud.
14For at landet skal bli reint, skal dei setja nokre menn til stadig å dra gjennom landet. Dei skal gravleggja dei som undervegs vart liggjande att på marka. 15Når dei fer gjennom landet og får auge på ein menneskeknokkel, skal dei setja opp eit merke der til gravarane kjem og gravlegg han i Gog-flokkens dal. 16#39,16 Hamona Namnet liknar eit hebr. ord for «flokk». Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint.
17 # Jer 12,9; Sef 1,7; Op 19,17f Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane, alt som har venger, og til alle ville dyr: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort slaktoffer på fjella i Israel. De skal få eta kjøt og drikka blod. 18Kjøt av heltar skal de eta og drikka blod av fyrstane på jorda, som var dei vêrar og lam, bukkar og oksar, gjøfe frå Basan, alle saman. 19De skal eta feitt til de blir mette og drikka blod til de blir drukne av offeret som eg slaktar for dykk. 20Ved mitt bord skal de bli mette av hestar og ryttarar, av heltar og alle slags krigarar, seier Herren Gud.
No vil eg venda Jakobs lagnad
21Eg vil visa min herlegdom mellom folkeslaga. Alle folkeslag skal sjå min dom som eg set i verk, og mi hand som eg legg på dei. 22Då skal Israels hus forstå at eg, Herren, er deira Gud, frå den dagen og i all framtid. 23#5 Mos 31,17ff Og folkeslaga skal forstå at Israels hus vart bortført på grunn av syndene sine. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd. 24Eg gjorde med dei etter deira ureinskap og brot; eg løynde andletet for dei.
25Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels hus. Eg brenn av lidenskap for mitt heilage namn. 26Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg når dei bur trygt i landet sitt og ingen skremmer dei. 27Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, vil eg gjennom dei visa meg heilag for auga på mange folkeslag. 28Då skal dei kjenna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei i eksil til folkeslaga, men fører dei atter saman i deira eige land. Eg lèt ingen av dei vera att der. 29#Jes 32,15; 44,3; Joel 3,1 Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei, for eg auser ut min Ande over Israels hus, seier Herren Gud.

Markert nå:

Esekiel 39: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring