Esekiel 3
N11NN
3
1 # Op 10,9 Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne rullen! Gå så og tal til Israels hus!» 2Då opna eg munnen, og han lét meg eta rullen. 3«Menneske», sa han. «Mett magen din og fyll innvolane dine med denne rullen som eg gjev deg.» Då åt eg rullen, og han gav ein søtsmak i munnen som honning.
4Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels hus og tal mine ord til dei! 5#Jes 33,19 Det er ikkje til eit folk med tungt og vanskeleg språk du blir send, men til Israels hus, 6ikkje til mange folk med så tunge og vanskelege språk at du ikkje oppfattar kva dei seier. Om det var dei eg sende deg til, hadde dei høyrt på deg. 7#Jes 48,4 Men Israels hus vil nekta å høyra på deg, for dei nektar å høyra på meg. For alle har harde panner og steinhjarte. 8#Jer 1,18; 15,20 Sjå, eg gjer andletet ditt like hardt som deira andlet og panna di like hard som deira panne. 9#Jer 1,8 Som diamant, ja, hardare enn flint gjer eg panna di. Ikkje ver redd dei og ikkje skjelv for dei, sjølv om dei er ei trassig ætt.»
10Så sa han til meg: «Menneske, alle orda eg talar til deg, skal du gripa med hjartet og lytta til med øyra. 11Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12 # Jes 6,3 # 3,12 ånda >1,12. Då lyfte ånda meg opp, og bak meg høyrde eg ljomen av ei kraftig røyst: «Herrens herlegdom vere lova frå hans bustad!» 13Og eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira støytte mot kvarandre, lyden av hjula attmed dei og lyden av ein sterk ljom.
14 # 8,3; Apg 8,39 Ånda lyfte meg opp og tok tak i meg, eg fór av stad, beisk og oppøst, og Herrens hand var over meg med styrke. 15#1,3; Dan 7,28; 8,27#3,15 Tel-Abib, Kebar-elva >1,1. Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.
Profeten som vaktmann
16Då dei sju dagane var gått, kom Herrens ord til meg: 17#Jer 1,7#3,17 til vaktmann Jf. 33,1–9. Menneske, eg set deg til vaktmann over Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 18Når eg seier til den urettferdige: «Du skal døy» og du ikkje åtvarar han, ikkje talar slik at han blir åtvara mot sin urette veg så han kan leva, då skal den urettferdige døy for si synd. Og hans blod skal eg krevja av di hand. 19Om du åtvarar den urettferdige og han ikkje vender om frå sin urett og sin urette veg, då skal han døy for si synd. Men du har berga livet.
20 # 18,24; 33,12 Når ein rettferdig vender seg bort frå si rettferd og gjer urett, så legg eg ein snublestein i vegen hans; han skal døy. Om du ikkje åtvarar han, skal han mista livet for si synd, og ingen skal minnast hans rettferd. Og hans blod skal eg krevja av di hand. 21Om du åtvarar den rettferdige mot å synda og han ikkje syndar meir, då skal han leva fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.
Profeten skal bli mållaus
22 # 1,3+ Herrens hand kom over meg der, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala til deg.» 23#1,28+ Då stod eg opp og gjekk ned i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom, lik den eg såg attmed Kebar-elva. Og eg kasta meg ned med andletet mot jorda. 24Men då kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp på føtene. Han tala til meg og sa: «Gå og steng deg inne i huset ditt! 25Du menneske, sjå, dei skal slå tau omkring deg og binda deg fast, så du ikkje kan koma ut blant folk. 26#24,27 Eg lèt tunga di hanga fast ved ganen, så du blir mållaus og ute av stand til å refsa dei. For ei trassig ætt er dei. 27Men når eg så talar til deg, vil eg opna munnen din. Då skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Den som vil høyra, han får høyra, men den som ikkje vil, får la det vera. For ei trassig ætt er dei.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk