Esekiel 26
N11NN
26
Tyros skal gå til grunne
1 # 26,1 i det ellevte året år 586 f.Kr. Jf. 20,1. på den første dagen Teksten nemner ikkje kva månad det gjeld. Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:
2 # Jes 23,1ff; Esek 25,3 Menneske, Tyros har sagt om Jerusalem:
«Ha-ha! Knust er ho
som var ein port for folka,
no er ho vend mot meg.
Eg gjer meg rik, ho er lagd øyde.»
3Difor seier Herren Gud:
Eg kjem over deg, Tyros.
Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg,
liksom havet lèt bølgjene slå.
4Dei skal bryta ned murane kring Tyros
og leggja tårna i grus.
Eg vil feia jorda vekk
og gjera henne til nake berg.
5 # 26,5 midt i havet Tyros låg på ei berglendt øy rett utanfor kysten, med «dotterbyar» på fastlandet. Først då Aleksander den store omringa byen, vart han knytt til fastlandet med ein brei veg. Ein tørkeplass for fiskegarn
skal ho bli, midt i havet,
for eg har tala,
seier Herren Gud.
Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.
6 # 26,6 Døtrene ute på marka dotterbyane som låg på fastlandet. Døtrene ute på marka
skal bli drepne med sverd.
Dei skal kjenna at eg er Herren.
7 # 29,17–21; Dan 2,37 For så seier Herren Gud:
Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros,
Babels konge, kongen over kongar,
med hestar, vogner og ryttarar,
ein hær av folk.
8Døtrene dine ute på marka
skal han slå i hel med sverd.
Han skal byggja skansar,
kasta opp ein voll
og reisa ein mur av skjold mot deg.
9Så støyter han rambukken mot murane dine,
med våpen bryt han tårna ned.
10Han har så mange hestar
at støvet frå dei dekkjer deg.
Av larmen frå ryttarar, hjul og vogner
rister murane dine
når han dreg inn gjennom portane
slik dei rykkjer inn i ein hærteken by.
11Med hovane av sine hestar
trakkar han alle gater sund.
Han drep folket ditt med sverd,
kraftige søyler styrtar til jorda.
12Dei røvar rikdomen din
og tek varene til krigsbytte.
Dei bryt murane ned
og riv kostbare hus.
Stein, tre og jord kastar dei på sjøen.
13 # Jes 24,8f; Jer 25,10; Op 18,22 Eg gjer eg slutt på lyden av songane dine,
klangen av lyrer skal ikkje høyrast.
14Eg gjer deg til eit nake berg.
Ein tørkeplass for fiskegarn skal du bli.
Du skal ikkje byggjast opp att,
for eg, Herren, har tala,
seier Herren Gud.
15Så seier Herren Gud til Tyros:
Sanneleg, kystane skal skjelva ved drønnet når du fell,
når dei såra stønnar,
når slaktinga set i gang hos deg.
16 # 32,10; Jona 3,6 # 26,16 fyrstane ved havet kongane i dei byane ved Middelhavet som dreiv handel med Tyros. Då skal alle fyrstane ved havet
stiga ned frå trona,
leggja kappa bort
og ta av seg dei fargerike kleda.
Dei kler seg i redsle
og set seg på jorda.
Dei skjelv stadig,
slegne av skrekk på grunn av deg.
17 # 27,32; Op 18,9ff Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:
Korleis kunne du gå til grunne,
du som fekk ditt folk frå havet,
den lovprisa byen
som var mektig på sjøen,
byen og hennar innbyggjarar
som spreidde redsle blant alle som bur der.
18No skjelv kystane,
det er dagen for ditt fall,
øyane i havet blir slegne av skrekk
over den enden du fekk.
19Så seier Herren Gud:
Når eg gjer deg til ein herja by,
lik byar det ikkje bur folk i,
når eg lèt havdjupet slå inn over deg
og veldige vatn dekkjer deg,
20då fører eg deg ned
til dei som har gått i grav,
ned til folk frå fortida.
Eg lèt deg bu i landet der nede,
det liknar ruinar frå gammal tid,
saman med dei som har gått i grav,
så du ikkje vender attende
og får plass i landet til dei levande.
21 # Sal 37,35f; Op 18,21 Eg gjer deg til skremsel,
du skal ikkje vera meir.
Dei skal leita etter deg,
men du skal aldri meir bli funnen,
seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk