Esekiel 25
N11NN
25
Domsord mot grannefolk
1 Herrens ord kom til meg: 2#Jer 49,1ff; Esek 21,33ff Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei. 3#Sal 35,21.25; Esek 26,2; 36,2 Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud:
Så seier Herren Gud:
Du sa ha-ha!
om min heilagdom då han vart vanhelga,
om Israels land då det vart lagt øyde,
om Judas hus då dei gjekk i eksil.
4 # 25,4 folka frå aust nomadestammar aust for Kanaan. >1 Mos 29,1. Sjå, difor lèt eg folka frå aust ta deg i eige.
Dei skal slå leir og setja opp bustader hos deg.
Dei skal eta di frukt og drikka di mjølk.
5 # 25,5 Rabba >21,25. Rabba gjer eg til ei beitemark for kamelar,
Ammon til kvileplass for småfe.
Då skal de kjenna at eg er Herren.
6For så seier Herren Gud:
Du klappa i hendene,
du trampa med føtene,
du fryda deg over Israels land i forakt.
7Sjå, difor lyfter eg handa mot deg
og gjev deg til bytte for andre folkeslag.
Eg ryddar deg ut frå folkeslaga,
eg utslettar deg frå landa,
eg øydelegg deg.
Og du skal kjenna at eg er Herren.
8 # Jes 15,1ff; Jer 48,1ff; Esek 36,20 Så seier Herren Gud:
Moab og Se'ir har sagt:
«Judas hus er som alle andre folkeslag.»
9Sjå, difor opnar eg
Moabs høgdedrag ved byane,
frå byane til grensa,
Bet-Jesjimot, Baal-Meon og Kirjatajim,
pryden i landet.
10Eg lèt folka frå aust ta landet i eige
slik eg gjorde med ammonittane.
Ammonittane skal ikkje bli hugsa
mellom folkeslaga.
11Mot Moab set eg dommen i verk,
dei skal kjenna at eg er Herren.
12 # Jes 34,5ff; Jer 49,7ff; Am 1,11; Ob 1ff Så seier Herren Gud:
Edom har hemna seg på Judas hus
og ført stor skuld over seg med sin hemn.
13 # 25,13 Teman område i Edom. Dedan landområde i Nord-Arabia. Difor seier Herren Gud:
Eg lyfter handa mot Edom
og ryddar ut menneske og dyr.
Eg legg landet audt.
Frå Teman til Dedan skal dei falla for sverd.
14Eg hemnar meg på Edom
ved folket mitt, Israel.
Dei skal gjera med Edom
etter min vreide og harme.
Edom skal få kjenna min hemn,
seier Herren Gud.
15 # Jer 47,1ff Så seier Herren Gud:
Filistrane tok hemn,
dei hemna seg med forakt
og herja for gammal fiendskap skuld.
16 # Sef 2,5 # 25,16 kretarane >1 Sam 30,14. Difor seier Herren Gud:
Sjå, eg lyfter handa mot filistrane,
eg ryddar ut kretarane
og gjer ende på resten av folket ved kysten.
17Eg tek ein hard hemn over dei
med flammande straff.
Dei skal kjenna at eg er Herren
når eg hemnar meg på dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk