Esekiel 17
N11NN
17
Vinstokken og ørnane
1 Herrens ord kom til meg: 2Menneske, sei fram ei gåte for Israels hus, fortel dei ei likning. 3#17,3 sederen kanskje kongehuset i Juda eller sjølve landet. Du skal seia:
Så seier Herren Gud:
Den store ørna med store venger
og lange vengefjører,
med tett og fargerik fjørham,
kom til Libanon.
Ho tok toppen av sederen,
4 # 17,4 den øvste greina kong Jojakin. Jf. 2 Kong 24,12ff. kremmarlandet Babel. Jf. 16,29. braut av den øvste greina,
førte henne til kremmarlandet
og sette henne i handelsbyen.
5 # 17,5 ei plante kong Sidkia. Jf. 2 Kong 24,17. Så tok ho ei plante som voks i landet,
og sette henne i god jord
på ein stad med mykje vatn,
planta henne som eit piletre.
6Ho voks og vart til ein vinstokk,
frodig, men låg av vekst,
så rankene bøygde seg mot ørna
og røtene voks inn under henne.
Ho vart til ein vinstokk som fekk greiner
og strekte ut sine kvister.
7 # 17,7 ei … ørn farao i Egypt. Jf. v. 15. Men det var ei anna stor ørn
med store venger, med mektig fjørham.
Og sjå, vinstokken tøygde sine røter
bort imot henne,
bøygde greinene mot henne,
så ho skulle gje han meir vatn
enn jordstykket han var planta i.
8I god jord, ved mykje vatn,
var vinstokken planta,
så han kunne få greiner og bera frukt
og bli ein framifrå vinstokk.
9Sei: Så seier Herren Gud:
Kjem han til å trivast?
Kjem ikkje røtene til å bli rivne opp,
vinstokken til å bli ribba for frukt
og kvart friskt skot til å tørka?
Når han tørkar,
trengst det ingen sterk arm
eller mykje folk
til å riva han opp med rot.
10Sjå, no er vinstokken planta.
Men vil han trivast?
Vil han ikkje berre tørka
når austavinden når han,
tørka ut i den jorda der han voks?
11 Herrens ord kom til meg: 12#2 Kong 24,10.15; 2 Krøn 36,9f Sei til den trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Sei no: Babel-kongen kom til Jerusalem, tok kongen og stormennene hennar og førte dei med seg til Babel. 13#2 Kong 24,17; 2 Krøn 36,10ff#17,13 ein mann av kongeleg ætt >v. 5. Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg. 14Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande. 15#2 Kong 24,20; Jer 52,3 Men mannen gjorde opprør og sende talsmenn til Egypt for å skaffa hestar og mykje folk. Vil dette lukkast? Kan den sleppa unna som gjer slikt? Han som bryt pakta, kan han sleppa frå det?
16Så sant eg lever, seier Herren Gud: I Babel, hos den kongen som gjorde han til konge, skal han døy. Han vanvørde forbanninga og braut pakta. 17Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske. 18Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.
19Difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, fordi han vanvørde forbanninga og braut pakta, skal eg la dei råka hans eige hovud. 20#2 Kong 25,6ff; Esek 12,13 Eg spenner ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babel, der held eg dom over hans truløyse, for han var trulaus mot meg. 21Alle som rømmer frå troppane hans, skal falla for sverd, og dei som blir att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala.
Guds lovnad om ny vokster
22 # Jes 11,1; 53,2 # 17,22 ein kvist ein ny konge av Davids ætt (Messias), som skal reisa Israel opp att. Jf. Jes 11,1. Så seier Herren Gud:
Eg tek sjølv ein kvist
av toppen på ein høg seder,
frå dei øvste greinene
riv eg eit fint skot
og plantar det på eit fjell som ragar høgt.
23 # Dan 4,12; Matt 13,32 På Israels høge fjell plantar eg det.
Det skal få greiner og bera frukt
og bli ein staut seder.
Alle slags fuglar skal bu i det,
alt som har venger, skal halda til
i skuggen av greinene på det.
24 # 1 Sam 2,8; Esek 21,31; Luk 1,52 Då skal alle tre på marka
kjenna at eg, Herren,
gjer det høge treet lågt,
og det låge gjer eg høgt.
Det friske treet lèt eg tørka,
og det tørre lèt eg spira.
Eg, Herren, eg har tala og vil setja det i verk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk