Esekiel 15
N11NN
15
Den gagnlause vinstokken
1 Herrens ord kom til meg: 2#Joh 15,6#15,2 vinstokken bilete på Israel. >Sal 80,9. Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen? 3Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på? 4Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko? 5Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!
6Difor, så seier Herren Gud: Som eg gjer med vinstokken mellom trea i skogen når eg gjev han til føde for elden, slik gjer eg med dei som bur i Jerusalem. 7Eg vender andletet mitt mot dei. Dei har gått ut av elden, men elden skal fortæra dei. De skal kjenna at eg er Herren når eg vender andletet mot dei. 8Eg gjer landet til ei øydemark fordi dei har vore trulause, seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk