2. Mosebok 40
N11NN

2. Mosebok 40

40
Teltheilagdomen blir reist og vigsla
1 Herren sa til Moses: 2Den første dagen i den første månaden skal du reisa bustaden, teltheilagdomen. 3#25,10ff+ Der skal du setja kista med vitnemålet og hengja forhenget framfor henne. 4Du skal setja inn bordet og ordna det som høyrer til. Så skal du bera inn lysestaken og setja opp lampene på den. 5Framfor kista med vitnemålet skal du setja det gullkledde røykjelsesaltaret, og framfor inngangen til bustaden skal du hengja opp teppet. 6Brennofferaltaret skal du setja framfor inngangen til bustaden, til teltheilagdomen. 7Vaskefatet skal du setja mellom teltheilagdomen og altaret og ha vatn i det. 8Du skal setja opp føregarden heilt rundt og hengja opp teppet framfor porten.
9 # 30,23ff+ Så skal du ta salvingsoljen og salva bustaden og alt som i han er, og du skal helga han og alt utstyret, så det blir heilagt. 10Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og du skal helga altaret, så det blir høgheilagt. 11Du skal òg salva vaskefatet og understellet og helga det. 12#29,4ff Så skal du føra Aron og sønene hans fram til inngangen i teltheilagdomen og vaska dei med vatn. 13Du skal kle Aron i dei heilage kleda, salva han og helga han til å vera prest for meg. 14Du skal òg føra sønene hans fram og kle dei i kjortlar. 15Du skal salva dei, slik du salva far deira, så dei kan vera prestar for meg. Denne salvinga skal gje dei retten til prestedømet, i slekt etter slekt, til evig tid.
16Moses gjorde i eitt og alt som Herren hadde bode han. 17Den første månaden i det andre året, på den første dagen i månaden, vart bustaden reist. 18Det var Moses som reiste han. Han sette soklane på plass og reiste plankane, la inn tverrstengene og reiste søylene. 19#40,19 teltet viser til taket, som var laga av elleve dukar. Jf. 26,7 og 36,14. Han breidde teltet ut over bustaden, og ovanpå det la han dekket, slik som Herren hadde bode Moses.
20 # 25,16.21+ Så tok Moses vitnemålet og la det i paktkista, sette berestengene i og la soningsstaden som lok på kista. 21Han sette kista inn i bustaden og hengde forhengsteppet opp slik at det dekte for kista med vitnemålet, slik som Herren hadde bode Moses. 22Han sette bordet inn i teltheilagdomen, på nordsida av bustaden, utanfor forhenget. 23#25,30+ På det la han brøda til rette for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses. 24Lysestaken sette han i teltheilagdomen rett imot bordet, på sørsida av bustaden. 25#25,37+ Lampene sette han opp for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses. 26Det gullkledde altaret sette han òg i teltheilagdomen, framfor forhenget. 27#30,7 Han brende velluktande røykjelse på det, slik som Herren hadde bode Moses.
28Så hengde Moses opp teppet framfor inngangen til bustaden. 29#27,1ff+ Brennofferaltaret sette han ved inngangen til bustaden, til teltheilagdomen, og han ofra brennoffer og grødeoffer på det, slik som Herren hadde bode Moses. 30#30,18ff+ Vaskefatet sette han mellom teltheilagdomen og altaret, og han helte vatn i det til å vaska seg med. 31I det vaska Moses og Aron og sønene hans hendene og føtene. 32Dei vaska seg når dei skulle gå inn i teltheilagdomen, og når dei skulle stiga fram for altaret, slik som Herren hadde bode Moses. 33Så laga han til føregarden rundt bustaden og altaret, og han hengde teppet opp framfor porten til føregarden. Slik fullførte Moses arbeidet.
Herrens herlegdom fyller bustaden
34 # 40,34 skya som Herren openberra seg i. >13,21. Så dekte skya teltheilagdomen, og Herrens herlegdom fylte bustaden. 35Moses kunne ikkje gå inn i teltheilagdomen, fordi skya hadde teke bustad over teltet og Herrens herlegdom fylte bustaden. 36#13,21f+ Kvar gong skya lyfte seg frå bustaden, braut israelittane opp og heldt fram med si vandring. 37Men når skya ikkje lyfte seg, braut dei ikkje opp før den dagen ho lyfte seg att. 38For Herrens sky låg over bustaden om dagen, og om natta lyste ho som eld for auga på heile Israels hus, så lenge vandringa varte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.