2. Mosebok 4
N11NN

2. Mosebok 4

4
1Moses svara: «Men enn om dei ikkje trur meg og ikkje høyrer på meg, men seier: Herren har ikkje synt seg for deg.» 2#7,9fHerren sa til han: «Kva har du i handa?» «Ein stav», svara han. 3«Kast han på jorda!» sa han. Og Moses kasta staven på jorda. Då vart staven til ein slange, og Moses rømde for han. 4Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans. 5#3,6+ «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.» 6Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø. 7Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet ein gong til!» Moses stakk handa inn på brystet, og han drog henne ut, og sjå, huda var som elles på kroppen. 8«Om dei ikkje trur deg og ikkje lyder ved det første teiknet, så vil dei tru etter det andre. 9#7,17ff Men trur dei ikkje etter nokon av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du ta vatn frå Nilen og hella det ut over tørre marka. Og vatnet du tek frå Nilen, skal bli til blod på marka.»
10 # 6,12.30 Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.» 11Då sa Herren: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? 12#Matt 10,19 Gå no! Eg skal vera med din munn og læra deg kva du skal seia.»
13Men han sa: «Høyr, Herre! Send heller ein annan!» 14Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg. 15#7,1f Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera. 16Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han. 17Ta denne staven i handa. Med den skal du gjera teikna!»
Moses vender attende til Egypt
18Moses gjekk tilbake til Jetro, svigerfar sin, og sa til han: «Eg vil bryta opp og dra til landsmennene mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Og Jetro sa til Moses: «Gå med fred!»
19 # Matt 2,20 Herren sa til Moses i Midjan: «Bryt opp og dra tilbake til Egypt! For no er dei døde alle dei som ville drepa deg.» 20Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og vende attende til Egypt. Og Moses tok gudsstaven i handa.
21 # 7,3f.13f.22; 8,15.19.32; 9,7.12.34f; 10,1.20.27; 11,10; 14,4.17 Då sa Herren til Moses: «Når du kjem tilbake til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera for farao som eg har lagt i di hand. Men eg vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara. 22Du skal seia til farao: Så seier Herren: Israel er min førstefødde son. 23#11,5; 12,29 Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tilbe meg! Men nektar du han å fara, sjå, då vil eg drepa den førstefødde son din.»
24 # 1 Mos 17,13f; Jos 5,2f Medan Moses var på veg og hadde søkt ly for natta, møtte Herren han og ville drepa han. 25Sippora tok då ein kvass stein og skar av forhuda på son sin og rørte ved føtene hans. Ho sa: «Du er blodbrudgomen min.» 26Då lét Herren han vera. Ho sa «ein blodbrudgom» på grunn av omskjeringa.
27 # 4,27 Guds fjell >3,1. Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i ørkenen!» Han gjekk av stad og møtte Moses ved Guds fjell, og han kyste han. 28Moses fortalde Aron om alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.
29Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste blant israelittane. 30Aron sa fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna framfor auga på folket. 31Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde halde auge med israelittane og sett at dei vart plaga, bøygde dei seg til jorda og tilbad.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.