2. Mosebok 39
N11NN

2. Mosebok 39

39
Prestedrakta
1 # 28,4ff Av det purpurblå, purpurraude og karmosinraude stoffet laga dei prestedrakta til tenesta i heilagdomen. Dei laga dei heilage kleda til Aron, slik som Herren hadde bode Moses å gjera.
2Efod-drakta laga dei av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. 3Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det purpurblå, purpurraude og karmosinraude stoffet og i det fine linet, alt i kunstvevnad. 4Til efod-drakta laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt henne i hop. 5Beltet som sat fast på efoden, gjekk i eitt med drakta. Det var òg vove av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn og fint, tvinna lin, slik Herren hadde bode Moses. 6#39,6 signet =segl. Dei sette onyks-steinane i innfatningar av gull. På steinane var namna til Israels søner graverte inn, som i eit signet. 7Dei sette dei på akslebanda til efoden. Dei skulle minna om Israels søner, slik Herren hadde bode Moses. 8Dei laga bryststykket i kunstvevnad, på same måten som efod-drakta. Det var av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. 9#28,16ff Bryststykket var firkanta og bretta dobbelt. Det var eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt når det var lagt dobbelt. 10Dei sette fire rader med steinar på det. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd, 11i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant, 12i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst 13og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei vart sette inn i innfatningar av gull. 14Dei tolv steinane bar namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ein av dei tolv stammane gravert inn, slik som i eit signet. 15Til bryststykket laga dei kjeder av reint gull. Dei var fletta slik ein flettar snorer. 16Dei laga òg to innfatningar og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvart sitt hjørne av bryststykket. 17Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane i hjørna på bryststykket. 18Dei to andre endane av gullsnorene feste dei til dei to innfatningane, og sette dei på akslebanda til efod-drakta, på framsida. 19Så laga dei to gullringar til og sette dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta. 20Så laga dei endå to gullringar og sette dei nedst på dei to akslebanda, på framsida ved saumen over beltet på efoden. 21Ringane på bryststykket batt dei til ringane på efod-drakta med ei purpurblå snor, slik at bryststykket vart sitjande over beltet og ikkje kunne losna frå drakta, slik Herren hadde bode Moses.
22Kappa som høyrer til efod-drakta, var voven i einsfarga, purpurblått stoff. 23Midt på kappa var det ei opning som på ei brynje, og rundt opninga var det ein kant, slik at ho ikkje kunne rivna. 24Nedst rundt kappekanten sette dei granateple av tvinna purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn. 25Dei laga også bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla rundt heile kappekanten. 26Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.
27Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlar vovne av fint lin, 28ein turban av fint lin, pynta turbanar av fint lin, bukser av fint, tvinna lin 29og eit belte av fint, tvinna lin, i purpurblå, purpurraud og karmosinraud farga vevnad, slik Herren hadde bode Moses.
30 # 28,36ff+ Dei laga ei plate av reint gull. Det var det heilage diademet. På den skreiv dei, slik ein graverer inn i eit signet: «Helga til Herren». 31Dei sette ei purpurblå snor på plata og feste henne oppe på turbanen, slik Herren hadde bode Moses.
Heilagdomen blir fullført
32Såleis vart alt arbeidet fullført på bustaden, teltheilagdomen. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde bode Moses. 33Og dei kom med bustaden til Moses: teltet med alt utstyret som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, søylene, soklane, 34dekket av raudfarga vêrskinn, dekket av fingarva skinn, forhengsteppet, 35kista med vitnemålet og berestengene, soningsloket, 36bordet med alt som høyrde til, skodebrøda, 37lysestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til lampene, 38det gullkledde altaret, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen, teppet til inngangen til teltet, 39bronsealtaret med bronserista, berestenger og alt som høyrde til, vaskefatet med understell, 40omhenga til føregarden med søyler og soklar, teppet framfor porten til føregarden, snorene, pluggane, alt utstyret som skulle brukast til tenesta i bustaden, teltheilagdomen, 41prestedrakta til tenesta i heilagdomen, dei heilage kleda for presten Aron og kleda for sønene hans til prestetenesta. 42Som Herren hadde bode Moses, slik hadde israelittane gjort alt arbeidet. 43Moses såg på alt det som var gjort, og sjå, dei hadde gjort det slik som Herren hadde sagt. Og Moses velsigna dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.