2. Mosebok 29

29
Prestevigsla
1 # 3 Mos 8,2ff Slik skal du gjera med dei når du helgar dei til prestar for meg: Ta ein ung okse og to vêrar utan feil, 2og usyra brød, runde usyra kaker blanda med olje, og usyra flate brød smurde med olje; dei skal du laga av fint kveitemjøl. 3Du skal leggja dei i ei korg, og så skal du bera dei fram i korga, saman med oksen og dei to vêrane. 4#40,12ff Aron og sønene hans skal du føra fram til inngangen til teltheilagdomen og vaska dei med vatn. 5Du skal ta kleda og kle Aron i kjortelen, kappa, efod-drakta og bryststykket, og binda efod-beltet om han. 6#28,36ff+ Set turbanen på hovudet hans, og fest det heilage diademet på turbanen. 7Så skal du ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han. 8Deretter skal du føra fram sønene hans. Du skal kle dei i kjortlane, 9#28,41+ spenna beltet om kvar av dei, både Aron og sønene hans, og setja turbanane på dei. Prestedømet skal høyra dei til som ei evig ordning. Så skal du innsetja Aron og sønene hans. 10Du skal føra oksen til framsida av teltheilagdomen, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til oksen. 11Du skal slakta oksen for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen. 12#29,12 altarhorna =horn, altarhorn. Noko av okseblodet skal du ta og stryka på altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret. 13Så skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er på dei, og la det gå opp i røyk på altaret. 14#3 Mos 4,11f; Hebr 13,11 Men kjøtet og huda av oksen og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.
15Så skal du ta den eine vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren. 16Du skal slakta han og ta blodet og stenka det rundt om på altaret. 17Sjølve vêren skal du dela opp. Innvolane og leggbeina skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet. 18#29,18 =offer og soning. Lat heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det er eit brennoffer for Herren, eit gåveoffer til godange for Herren. 19Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren. 20Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om på altaret. 21Ta så noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvett det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Då blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira. 22Så skal du ta feittet på vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.
23Frå korga med usyra brød som står for Herrens andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød. 24#29,24 svingeoffer Offergåver vart ofte vigsla til Herren ved at dei vart svinga att og fram framfor altaret. Jf. 3 Mos 7,30; 8,27–29. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor Herrens andlet. 25Ta det så frå hendene deira og lat det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet, til godange for Herren. Det er eit gåveoffer for Herren. 26Så skal du ta brystet av vigslingsvêren til Aron og svinga det for Herrens andlet. Det skal vera din del. 27#3 Mos 7,32ff Du skal helga brystet og offerlåret som blir svinga. Det er ein vigslingsvêr for Aron og sønene hans. 28Dette skal høyra til Aron og sønene hans som ei evig ordning hos israelittane. For det er ei offergåve, ei gåve som israelittane skal gje av fredsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren.
29Arons heilage klede skal sønene hans ta over etter han. Dei skal ha kleda på seg når dei blir salva og innsette. 30Den av sønene hans som blir prest etter han, skal ha kleda på i sju dagar. Han skal ha dei på når han kjem til teltheilagdomen for å gjera teneste der. 31Du skal ta vigslingsvêren og koka kjøtet på ein heilag stad. 32Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av vêren og brødet i korga ved inngangen til teltheilagdomen. 33Dei skal eta dette soningsofferet når dei blir innsette og helga til prestar. Ingen uvigsla må eta av det; for det er heilagt. 34Blir det noko att av vigslingskjøtet og brødet til neste morgon, skal du brenna det opp. Det må ikkje etast, for det er heilagt. 35Slik skal du gjera med Aron og sønene hans, nett slik eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara. 36Kvar dag skal du gjera i stand ein okse som syndoffer til soning. Du skal reinsa altaret for synd ved å gjera soning for det, og du skal salva det så det blir heilagt. 37Sju dagar skal du gjera soning for altaret og helga det så det blir høgheilagt. Kvar den som rører ved det, blir heilag.
Det daglege offeret
38 # 4 Mos 28,3ff Og dette skal du gjera i stand på altaret: to årsgamle lam, kvar dag i all framtid. 39Det eine lammet skal du ofra om morgonen, og det andre lammet skal du ofra i skumringa. 40#29,40 1/10 efa, 1/4 hin ca. 3,6 l og 1,5 l. Saman med det første lammet skal du ofra ein tiandedels efa fint mjøl, blanda med ein fjerdedels hin pressa olje, og som drikkoffer ein fjerdedels hin vin. 41#29,41 =offer og soning. Det andre lammet skal du ofra i skumringa. Saman med det skal du bera fram grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren. 42#25,22+ I alle slekter skal dette vera eit dagleg brennoffer for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen. Der vil eg møta dykk, og der vil eg tala til deg. 43#40,34 Der vil eg møta israelittane, og staden skal bli helga av min herlegdom. 44Både teltheilagdomen og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga til prestar for meg. 45#3 Mos 26,11f; 2 Kor 6,16 Så vil eg bu midt iblant israelittane og vera deira Gud. 46#20,2; 3 Mos 11,45; 22,32f Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut frå Egypt for å bu midt iblant dei. Eg er Herren deira Gud.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring