2. Mosebok 15
N11NN

2. Mosebok 15

15
Herren er min styrke
1Då song Moses og israelittane denne songen for Herren:
Eg vil syngja for Herren,
for han er høgt opphøgd;
hest og ryttar kasta han i havet.
2 # Sal 118,14; Jes 12,2 Herren er mi kraft og min styrke,
han har vorte mi frelse.
Han er min Gud, han vil eg prisa,
min fars Gud, han vil eg opphøgja.
3 # 3,15+ Herren er ein krigar,
Herren er hans namn.
4Faraos vogner og heile hans hær
kasta han i havet,
dyktige krigarar drukna i Sivsjøen.
5Havdjupa gøymde dei,
dei sokk som stein i djupet.
6 # Sal 118,15 Herre, di høgre hand er herleg i makt,
di høgre hand knuser fiendar, Herre.
7I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.
Du slepper harmen din laus,
han fortærer dei som strå.
8Ved eit pust frå din nase
tårna vatnet seg opp.
Strøymande vatn stod som ein voll,
djupa stivna i havsens hjarte.
9Fienden sa:
«Eg set etter og når dei att,
deler bytte og stiller all mi lyst.
Eg dreg sverdet og utryddar dei med mi hand.»
10Du lét din pust blåsa,
og havet gøymde dei.
Dei sokk som bly i det veldige vatnet.
11 # 8,10+ Kven er som du blant gudane, Herre?
Kven er som du, herleg og heilag,
skremmande i storverk,
underfull i gjerning?
12Du rette ut di høgre hand,
då slukte jorda dei.
13I kjærleik førte du
det folket som du fria ut.
Du leidde dei med di kraft
til din heilage bustad.
14Folka høyrde det og skalv,
angst greip dei som bur i Filistarland.
15Då vart Edoms hovdingar forfærde,
dei mektige i Moab skalv,
alle som bur i Kanaan, mista motet.
16Angst og redsle kjem over dei,
ved din veldige arm blir dei som forsteina,
medan folket ditt dreg framom, Herre,
medan folket som du har vunne, dreg framom.
17 # Sal 78,54 # 15,17 fjellet Sion-fjellet i Jerusalem. Du skal føra dei inn og planta dei
på fjellet som er din eigedom,
på staden du har gjort til din bustad, Herre,
heilagdomen som dine hender
har grunnlagt, Herre.
18 # Sal 93,1+ Herren er konge til evig tid.
19 # 14,23ff Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.
20 # Sal 68,26 Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa. 21Mirjam song i vekselsong med dei:
«Syng for Herren,
for han er høgt opphøgd,
Hest og ryttar kasta han i havet!»
Vatn i ørkenen
22 # 4 Mos 33,8f Moses lét Israel bryta opp frå Sivsjøen, og dei kom til ørkenen Sjur. Dei gjekk tre dagar i ørkenen utan å finna vatn. 23#15,23 Mara Namnet tyder «det beiske». Så kom dei til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor vart staden kalla Mara. 24Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?» 25Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.
I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve. 26#23,25; 5 Mos 7,15 Han sa: «Om du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og gjer det som rett er i hans auge, lyttar til boda hans og held alle forskriftene hans, då skal eg ikkje leggja på deg alle dei sjukdomane eg la på egyptarane. For eg, Herren, er den som lækjer deg.»
27 # 15,27 Elim oase på vestsida av Sinai-halvøya. Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv vasskjelder og sytti daddelpalmar. Og dei slo leir der ved vatnet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk