2. Mosebok 1

1
Slavearbeidet i Egypt
1 # 1 Mos 46,8ff+ Dette er namna på Israels søner som kom til Egypt; dei kom saman med Jakob, kvar med sin huslyd: 2Ruben, Simon, Levi og Juda, 3Jissakar, Sebulon og Benjamin, 4Dan og Naftali, Gad og Asjer. 5#1 Mos 46,27+ Dei var i alt sytti personar, dei som stamma frå Jakob. Josef var alt i Egypt. 6#1 Mos 50,26 Så døydde Josef og alle brørne hans og heile dette slektsleddet. 7#Apg 7,17ff Men israelittane var fruktbare, dei auka, vart mange og svært talrike. Landet vart fullt av dei.
8Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. 9Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss. 10Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»
11 # 1,11 Pitom og Ramses byar i det austlege Nil-deltaet. >1 Mos 47,11. Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses. 12Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane. 13#1 Mos 15,13; 4 Mos 20,15 Dei tvinga israelittane til slavearbeid 14og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera.
15Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: 16«Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.» 17Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva. 18Då kalla egyptarkongen jordmødrene til seg og sa: «Kvifor gjer de dette? De lèt gutane leva!» 19Jordmødrene svara farao: «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.» 20Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt. 21Og fordi jordmødrene frykta Gud, gav han dei etterkomarar.
22Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar nyfødd gut skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva!»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring