Ester 5
N11NN
5
Festen til dronning Ester
1Den tredje dagen kledde Ester seg i dronningskrud og stilte seg i den indre slottsgarden, midt imot kongens hus. Der inne sat kongen på trona midt imot inngangen. 2#4,11 Då kongen fekk sjå dronning Ester der ho stod i slottsgarden, fekk han godvilje for henne. Han rette gullsepteret som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og rørte ved spissen av septeret. 3#Mark 6,22ff Kongen sa til henne: «Dronning Ester, kva vil du? Er det noko du ønskjer? Om det så er halve riket, skal det bli gjeve deg.» 4Ester svara: «Om kongen finn det for godt, ville eg gjerne at kongen og Haman i dag skulle koma til festen eg vil halda for han.» 5Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»
Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt. 6Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.» 7Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette: 8Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»
Haman vil drepa Mordekai
9 # 3,2 Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han. 10Men han la band på seg og gjekk heim. Så bad han venene sine og kona Seresj om å koma. 11#3,1; 9,10 Haman la ut for dei om den store rikdomen sin, om alle sønene sine, og om korleis kongen hadde gjeve han høg rang og sett han over alle stormennene og kongens tenarar. 12Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som fekk koma saman med kongen til den festen som dronning Ester heldt. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen. 13Men alt dette er ikkje verdt noko for meg så lenge eg må sjå jøden Mordekai sitja i slottsporten.»
14 # 5,14 50 alner ca. 25 m. Då sa kona hans, Seresj, og venene hans til han: «Lat dei setja opp ein påle som er femti alner høg. I morgon skal du be kongen om at dei hengjer Mordekai på den. Så kan du gå glad til festen saman med kongen.» Haman syntest dette var eit godt framlegg, og han fekk pålen oppsett.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk