5. Mosebok 7
N11NN

5. Mosebok 7

7
Guds utvalde folk
1 # 2 Mos 23,23f; 4 Mos 33,51–55 Når no Herren din Gud fører deg til det landet som du er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du. 2#7,2 slå dei med bann =bann. Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du slå dei med bann. Du må ikkje gjera noka pakt med dei og ikkje visa dei nåde. 3#Dom 2,2; 3,6; Esra 9,1f Du må ikkje knyta slektsband med dei. Gjev ikkje dotter di til son hans, og ta ikkje dotter hans til kone for son din. 4#Dom 2,3; 1 Kong 11,2 For dei vil få borna dine til å venda seg bort frå meg og dyrka andre gudar. Då kjem Herrens harme til å loga mot dykk, og han vil snart utrydda deg. 5#2 Mos 23,24; 34,13; 4 Mos 33,52; 5 Mos 12,2f; Dom 2,2 Nei, slik skal de gjera med dei: Riv ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og brenn gudebileta. 6#2 Mos 19,6; 5 Mos 4,20.37; 26,18; 1 Pet 2,9 For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren din Gud valt deg ut til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.
7Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka. 8#6,21; 10,15 Men fordi Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar, førte Herren dykk ut med sterk hand. Han fria deg ut frå slavehuset, frå handa til farao, egyptarkongen. 9#2 Mos 34,7; 5 Mos 32,4; Sal 25,10 Så vit då at det er Herren din Gud som er Gud, den trufaste Gud som held si pakt og viser kjærleik i tusen ledd mot dei som elskar han og held boda hans, 10#Nah 1,2 men som gjev att i same stund og gjer ende på dei som hatar han. Han er ikkje sein med å straffa den som hatar han. 11Så hald då fast ved dei boda, forskriftene og lovene som eg gjev deg i dag, og lev etter dei.
Lydnad og velsigning
12 # 3 Mos 26,3–13; 5 Mos 28,1–14 Dersom de høyrer desse lovene, held dei og gjer etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si pakt og sin kjærleik som han med eid lova fedrane dine. 13Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg. 14Velsigna skal du vera framfor alle andre folk. Hos deg skal ingen vera ufruktbare, korkje menn eller kvinner eller nokon av husdyra dine. 15#2 Mos 15,26Herren skal halda all sjukdom borte frå deg. På deg skal han ikkje leggja nokon av dei vonde farsottene som du kjenner frå Egypt, men han skal leggja dei på alle som hatar deg. 16#2 Mos 23,33; 5 Mos 11,16; 12,29f; Dom 3,1–4 Du skal utrydda alle dei folka som Herren din Gud overgjev deg, og du skal ikkje visa dei medkjensle. Du skal ikkje dyrka gudane deira. Gjer du det, er du fanga i ei felle.
17Om du seier i hjartet: «Desse folkeslaga er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?» 18då skal du ikkje vera redd dei. Hugs kva Herren din Gud gjorde med farao og heile Egypt, 19dei mektige gjerningane, teikna og undera som auga dine såg då Herren med sterk hand og utstrekt arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd. 20#2 Mos 23,27f; Jos 24,12#7,20 bisverm Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Kan òg omsetjast «redsle» eller «forvirring».Herren din Gud skal jamvel senda ein bisverm over dei, heilt til alle som er att eller har gøymt seg for deg, har gått til grunne.
21Lat deg ikkje skremma av dei, for Herren din Gud er hos deg, ein Gud som er stor og vekkjer frykt. 22#2 Mos 23,29f Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folkeslaga ut for deg. Du kan ikkje gjera ende på dei med ein gong, for då kunne villdyra bli for mange for deg. 23Herren din Gud skal gje folka over til deg og spreia stor forvirring blant dei, til dei er utrydda. 24#Jos 10,23–27; 11,12; 12,7–24 Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal utsletta namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg til du har utrydda dei.
25 # Jos 7,20–26 Gudebileta deira skal de brenna opp. Bli ikkje freista til å ta sølvet og gullet som er på dei og ha det for dykk sjølve. Då blir du fanga i ei felle, for det er avskyeleg for Herren din Gud. 26#13,17; Jos 7,11–15 Lat ikkje dette avskyelege koma inn i huset ditt; då blir du bannlyst liksom det. Du skal inderleg avsky det og halda det for avskyeleg, for det er bannlyst.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.