5. Mosebok 29
N11NN

5. Mosebok 29

29
Guds pakt med Israel i Moab
1Dette er orda i den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i landet Moab, i tillegg til den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb.
2 # 2 Mos 19,4; 5 Mos 4,34 Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde rett for auga på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans. 3#2 Mos 7,3; 10,1f; 5 Mos 4,34; 6,22; 7,19; 28,46; 34,11 Med eigne auge såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera. 4#9,7–24; Jes 6,10 Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk hjarte til å forstå, auge til å sjå og øyre til å høyra. 5#8,2–6 Eg førte dykk i ørkenen i førti år. Kleda de hadde på, vart ikkje utslitne, og heller ikkje skorne du hadde på føtene. 6#2 Mos 16; 4 Mos 11,4–9.31–33 De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk, for at de skulle skjøna at eg er Herren dykkar Gud. 7#4 Mos 21,21–35; 5 Mos 1,4; 2,26–3,22 Så kom de til denne staden. Sihon, kongen i Hesjbon, drog ut til strid mot oss saman med Og, kongen i Basan, men vi slo dei. 8#4 Mos 32,33 Vi tok landet deira og lét rubenittane og gadittane og halve Manasse-stammen få det til eige. 9Legg då vinn på å leva etter orda i denne pakta, så skal de ha framgang i alt de gjer.
10De står i dag alle saman framfor Herren dykkar Guds andlet, stammehovdingane, dei eldste og tilsynsmennene dykkar, kvar mann i Israel, 11småborna og kvinnene dykkar og innflyttaren som held til i leiren din, både han som høgg ved og han som ber vatn for deg. 12Du skal no gå inn i pakta med Herren din Gud som Herren din Gud gjer med deg i dag, med dei forbanningar som høyrer pakta til. 13#28,9 Ved dette skal han i dag gjera deg til sitt folk, og han sjølv vil vera din Gud, som han har sagt deg, og slik han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob. 14#5,3.9 Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta, med dei forbanningar som høyrer til, 15men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Guds andlet, og med dei som enno ikkje er saman med oss.
16De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi drog fram gjennom landa til dei folkeslaga de måtte dra forbi. 17De såg det motbydelege som var hos dei, gudebileta deira av stokk og stein, sølv og gull. 18#Hebr 12,15 Det må ikkje finnast nokon iblant dykk, mann eller kvinne, familie eller stamme, som i dag vender hjartet sitt bort frå Herren vår Gud for å gå og dyrka gudane blant desse folkeslaga. Det må ikkje finnast iblant dykk noka rot som det skyt giftplanter og malurt opp frå, 19ingen som når han høyrer forbanningsorda, velsignar seg sjølv i hjartet sitt og seier: «Fred skal vera med meg, sjølv om eg følgjer mitt sjølvrådige hjarte.» Då øydelegg han både det vassrike og det tørre landet. 20#2 Mos 17,5Herren vil ikkje tilgje ein slik mann: Herrens vreide og sjalusi skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nedskrivne i denne boka, skal kvila over han, og Herren skal utsletta namnet hans under himmelen. 21#28,15–68Herren skal skilja han ut frå alle Israels stammar og slå han med ulukke etter alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.
22Komande slekter, borna som veks opp etter dykk, og framande som kjem frå fjerne land, skal sjå dei plagene som har råka dette landet, og dei sjukdomane Herren har sendt over det: 23#1 Mos 19,24f; Hos 11,8#29,23 Adma og Sebojim >1 Mos 10,19. svovel og salt, heile landet avsvidd så det kan ikkje såast, bli grønt eller noko strå kan veksa der, slik det var då Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim vart øydelagde, dei som Herren i sin vreide og harme la øyde. 24#1 Kong 9,8f; Jer 22,8f Då skal dei seia og alle folkeslag spørja: «Kvifor har Herren fare slik åt med dette landet? Kvifor denne store vreiden?» 25Og dei skal få til svar: Fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut frå Egypt. 26Dei gjekk av stad og dyrka andre gudar og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei. 27Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, så han førte over det all den forbanning som er nedskriven i denne boka. 28I harme, illsinne og stor vreide rykte Herren dei opp frå jorda deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.
29 # Sal 147,19 Det dulde høyrer Herren vår Gud til, men det som er openberra, høyrer til oss og våre born til evig tid, så vi skal halda kvart ord i denne lova.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk