5. Mosebok 28
N11NN

5. Mosebok 28

28
Velsigningar
1 # 26,19 Dersom du no vil lyda Herren din Guds røyst og trufast følgja alle boda hans som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda. 2Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:
3Velsigna er du i byen
og velsigna ute på marka!
4Velsigna er frukta av ditt morsliv,
frukta av ditt åkerland
og frukta av din buskap,
det som blir fødd av storfe,
og det som kjem til av småfe!
5Velsigna er di korg og ditt bakstetrau!
6 # Sal 121,8 Velsigna er du når du går inn,
og velsigna er du når du går ut!
7 # 3 Mos 26,7 Når fiendane går på deg, skal Herren gjera det slik at du vinn over dei. Kjem dei mot deg på éin veg, skal dei rømma for deg på sju.
8 Herren skal gje påbod om velsigning over deg og di matbu og over alt ditt arbeid. Ja, Herren din Gud skal velsigna deg i det landet som han gjev deg.
9 # 2 Mos 19,6 Dersom du held boda frå Herren din Gud og går på hans vegar, vil Herren gjera deg til sitt heilage folk, slik han med eid har lova deg. 10#28,10 Herrens namn … over deg Folket høyrer Herren til, og han vernar det. Jf. Jes 43,1; 63,19; Jer 14,9; 15,16. Då skal alle folk på jorda sjå at Herrens namn er ropa ut over deg, og dei skal frykta deg.
11 # 30,9 Herren skal gje deg rikeleg av det som godt er, av frukt av ditt morsliv og frukt av din buskap og frukt av ditt åkerland, på den jorda Herren med eid lova fedrane dine å gje deg. 12#11,14; 15,6Herren skal opna sitt rike forrådskammer, himmelen, for deg. Han skal la landet få regn i rett tid og velsigna alt dine hender gjer. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. 13#28,13 gjera deg til hovud gje ei leiande stilling. Jf. Jes 9,14f; 19,15.Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du koma høgare, aldri lågare, så sant du lyder boda til Herren din Gud som eg gjev deg i dag, så du held dei og gjer etter dei. 14#5,32 Du må ikkje vika av frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, korkje til høgre eller venstre, ikkje følgja andre gudar og ikkje dyrka dei.
Ulydnad og forbanning
15 # 3 Mos 26,14ff; Dan 9,11; Mal 2,2 Men om du ikkje vil lyda Herren din Guds røyst, ikkje held alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag, og ikkje gjer etter dei, då skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:
16Forbanna er du i byen
og forbanna ute på marka!
17Forbanna er di korg og ditt bakstetrau!
18Forbanna er frukta av ditt morsliv
og frukta av ditt åkerland,
det som blir fødd av storfe,
og det som kjem til av småfe!
19Forbanna er du når du går inn,
og forbanna når du går ut!
20 Herren skal senda forbanning, forvirring og plage over deg og over alt det hendene dine har gjort, til du blir utrydda og brått går til grunne, fordi du gjorde det vonde og gjekk bort frå meg.
21 Herren skal la pesten bli hangande ved deg til han gjer ende på deg i det landet du no går inn i og skal leggja under deg. 22#Am 4,9; Hag 2,17#28,22 kornsot og svartrust plantesjukdomar.Herren skal slå deg med tæring og verk, kulsing og feber, med tørke og kornsot og svartrust, og det skal forfølgja deg til du går til grunne. 23#11,17 Himmelen over hovudet ditt skal bli til bronse og jorda under deg til jern. 24Herren skal omskapa regnet over landet ditt til sand og støv. Frå himmelen skal det falla ned over deg til du blir utrydda.
25 Herren skal gjera det slik at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du rømma for dei på sju. Du skal bli til skrekk for alle kongerike på jorda. 26Lika av dykk skal bli til føde for alle fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal jaga dei.
27 # 2 Mos 9,9 Herren skal slå deg med verkebyllar som i Egypt, med svullar, skabb og skurv som ikkje lèt seg lækja. 28Herren skal slå deg med galskap, blindskap og vilske. 29Midt på dagen skal du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.
Du skal ikkje lukkast på din veg. Du blir undertrykt og utplyndra dag etter dag, og det er ingen som hjelper. 30#20,7 Bind du deg til ei kvinne, skal ein annan mann valdta henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det. Plantar du ei vinmark, får du ikkje ta henne i bruk. 31Oksen din skal slaktast medan du ser på, og du får ikkje eta kjøtet. Eselet ditt skal røvast beint for auga dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp. 32Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit anna folk. Du skal sjå etter dei og lengta heile tida, men fåfengt, for du er maktlaus. 33#Dom 6,3–6 Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp grøda frå jorda di og det du har vunne med alt ditt strev. Du blir berre undertrykt og trakka på, dag etter dag. 34Du kjem til å mista vitet av det synet du får sjå. 35Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde verkebyllar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.
36 # 4,27f; 2 Kong 17; 24–25 Herren skal føra deg og den kongen du set over deg, bort til eit folkeslag som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, stokk og stein. 37#1 Kong 9,7; Jer 24,9 Der skal du bli eit skremsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.
38 # Mi 6,15; Hag 1,6 Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta, for grashoppene et det opp. 39Vinmarker skal du planta og dyrka, men vin får du verken drikka eller lagra, for makken et dei opp. 40Oliventre skal du ha overalt i landet ditt, men du får ikkje salva deg med olje, for olivenfrukta fell ned. 41Søner og døtrer skal du få, men dei skal ikkje høyra deg til, for dei må gå i fangenskap. 42Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta. 43Innflyttaren som bur hos deg, skal koma høgare og høgare over deg, men du skal koma lågare og lågare. 44Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal bli hovud og du hale.
45Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfølgja deg og nå deg att til du blir utrydda, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei boda og forskriftene som han har gjeve deg. 46Dei skal vera teikn og varsel for deg og etterkomarane dine til alle tider.
47Fordi du ikkje tente Herren din Gud av eit godt hjarte, i glede over all di overflod, 48må du tena fiendane som Herren sender mot deg, og vera svolten, tørst og naken og mangla alt. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rydda deg ut.
49 # Jer 5,15–19; Jer 48,40; 49,22; Hab 1,8 Herren skal senda over deg eit folkeslag frå det fjerne, frå enden av jorda, som ei stupande ørn, eit folk med eit språk som du ikkje forstår, 50eit folkeslag med harde andlet, som ikkje tek omsyn til dei gamle og ikkje er nådig mot dei unge. 51Dei skal eta opp frukta av buskapen din og frukta av åkerlandet, til du blir utrydda. Dei lét verken korn, ny vin eller fin olje vera att til deg, verken det som blir fødd av storfe, eller det som kjem til av småfe. Dei held fram til dei har utrydda deg. 52Dei skal omringa deg i alle byane dine, til dei styrtar ned, dei høge festningsmurane som du set di lit til overalt i landet ditt. Dei skal omringa deg i alle byane i heile landet som Herren din Gud gjev deg. 53#3 Mos 26,29; 2 Kong 6,28–32; Jer 19,9; Klag 2,20; 4,10; Esek 5,10 Og i trengsla og nauda som fienden fører over deg, skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene som Herren din Gud har gjeve deg. 54Den finaste og mest bortskjemde mannen hos deg vil då vera så vond mot bror sin og kona si og mot dei borna han enno har att, 55at han ikkje unner dei ein kjøtbit av borna sine som han et. For han har ikkje anna att i den trengsle og naud som fienden lét koma over deg i alle byane dine. 56Og den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvd å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho er, skal ikkje unna sin eigen mann, son sin eller dotter si 57etterburden som kjem ut mellom beina på henne, eller borna ho har fødd. Fordi ho manglar alt, skal ho eta det i løynd, i den trengsle og naud som fienden lét koma over deg i byane dine.
58Dersom du ikkje trufast følgjer kvart ord i denne lova som er skriven i denne boka, og ikkje fryktar dette ærerike og skremmande namnet, Herren din Gud, 59då skal Herren senda ufattelege plager over deg og etterkomarane dine, veldige plager og vonde sjukdomar som ingen ende vil ta. 60#2 Mos 9,9; 5 Mos 7,15 Han skal igjen senda over deg alle farsottene frå Egypt som du gruar deg for, og dei skal bli hangande ved deg. 61Også alle sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, heilt til du blir utrydda. 62#4,27; 10,22 Berre ein liten flokk skal bli att av dykk som før var talrike som stjernene på himmelen. For du lydde ikkje Herren din Gud. 63Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og gjera dykk talrike, skal han no gleda seg over å gjera ende på dykk og utrydda dykk. De skal rykkjast opp frå det landet du no går inn i og skal leggja under deg.
64 Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent: stokk og stein. 65Blant desse folkeslaga skal du aldri få ro og aldri finna kvile for din fot. Der skal Herren gje deg eit uroleg hjarte, eit sviktande syn og eit motlaust sinn. 66Livet ditt skal hanga i ein tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt. 67Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjartet ditt, og så fælsleg er det du får sjå. 68#17,16Herren skal føra deg på skip tilbake til Egypt, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de by dykk fram til sal for fiendane dykkar som slavar og slavekvinner, men ingen vil kjøpa.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk