5. Mosebok 23
N11NN

5. Mosebok 23

23
Dei som er utestengde frå forsamlinga
1Ingen som har fått testiklane knuste eller penis avskoren, får vera med i Herrens forsamling.
2 # 3 Mos 18,6–18; 5 Mos 22,30 Ingen som er fødd i forbode ekteskap, skal få vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane hans i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling.
3 # 1 Kong 11,1; Neh 13,1f Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens forsamling. Ikkje eingong etterkomarane deira i tiande ledd skal få vera med i Herrens forsamling. Slik skal det vera for all framtid. 4#4 Mos 22–24; Jos 24,9f#23,4 aramearlandet mellom elvane Mesopotamia. For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i aramearlandet mellom elvane, til å forbanna deg. 5Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Herren din Gud vende forbanninga til velsigning for deg fordi han elska deg. 6Aldri skal du, så lenge du lever, gjera noko for å fremja deira fred og velferd.
7 # 1 Mos 25,24–26 # 23,7 edomitten etterkomarar etter Esau. Jf. 1 Mos 36. Men edomitten skal du ikkje halda for avskyeleg, for han er bror din. Du skal heller ikkje avsky egyptaren, for du har vore innflyttar i landet hans. 8Etterkomarane deira i tredje ledd kan få vera med i Herrens forsamling.
Leiren skal vera heilag
9Når du dreg ut i felt mot fiendane dine, skal du akta deg for alt ureint. 10#3 Mos 15,16 Om ein av dykk er urein etter sæduttømming om natta, skal han gå ut av leiren og ikkje koma inn att 11før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola går ned, kan han koma inn i leiren.
12Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til. 13Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå. 14For Herren din Gud går omkring i leiren for å berga deg og overgje fiendane til deg. Difor skal leiren vera heilag. Han må ikkje sjå noko usømeleg hos deg, for då vender han seg bort frå deg.
15Du skal ikkje utlevera ein slave til herren hans når han har rømt frå herren sin og søkt tilflukt hos deg. 16Lat han få bli hos deg og slå seg ned der han vil blant byane dine, der han likar seg best. Du skal ikkje oppføra deg dårleg mot han.
17Inga israelittisk kvinne får vera tempelprostituert, og heller ingen israelittisk mann. 18#23,18 hund nedsetjande uttrykk for ein mann som driv prostitusjon. Når du skal innfri ein lovnad, skal du ikkje koma til Herren din Guds hus med løna frå ei hore eller pengar frå ein hund, for begge delar er avskyelege for Herren din Gud.
Reglar om renter og lovnader
19 # 2 Mos 22,25; 3 Mos 25,35–37; Sal 15,5 # 23,19 rente >2 Mos 22,25. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann, korkje av pengar eller av mat eller av noko anna som kan lånast ut mot rente. 20#15,3 Av ein framand kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då vil Herren din Gud velsigna deg i alt hendene dine gjer, i det landet du går inn i og skal leggja under deg.
21 # 4 Mos 30,3; Fork 5,3–5 Når du gjev Herren din Gud ein lovnad, skal du ikkje dryga med å halda det du har lova. Elles vil Herren din Gud krevja det av deg, og du set deg i skuld. 22Lèt du vera å lova noko, blir du ikkje skuldig. 23Men det som kjem over leppene dine, må du halda og gjera. For av fri vilje har du gjeve Herren din Gud den lovnaden som du har uttala med din eigen munn.
24Når du kjem inn i annan manns vinmark, kan du eta så mykje druer du vil, til du blir mett. Men du må ikkje sanka i spann. 25#Matt 12,1; Mark 2,23; Luk 6,1 Når du kjem inn på annan manns kornåker, kan du plukka aks med handa. Men sigd må du ikkje bruka på annan manns korn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk