Daniel 3
N11NN

Daniel 3

3
Venene til Daniel i eldomnen
1 # 3,1 seksti alner, seks alner ca. 30 m og 3 m. Dura-dalen Det var ulike stader i Babel med dette namnet. Kong Nebukadnesar laga ein statue av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette han opp i Dura-dalen i provinsen Babel. 2Så sende kong Nebukadnesar bod og kalla saman satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane. Dei skulle koma til vigslinga av statuen som kong Nebukadnesar hadde reist. 3Satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane kom saman til vigslinga av den statuen som kong Nebukadnesar hadde sett opp. Då dei stod framfor statuen kongen hadde reist, 4ropa herolden med høg røyst: «Slik lyder påbodet til dykk folk og nasjonar og tungemål: 5Så snart de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal de falla ned og tilbe gullstatuen kong Nebukadnesar har reist. 6Den som ikkje fell ned og tilbed, skal straks kastast i omnen med logande eld.»
7Så snart alle folka høyrde lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt og alle andre slag instrument, fall alle folk og nasjonar og tungemål ned og tilbad statuen som kong Nebukadnesar hadde reist. 8Straks etter kom nokre kaldeiske menn og førte klagemål mot jødane. 9#2,4+ Dei tok til orde og sa til kong Nebukadnesar: «Lenge leve kongen! 10#6,13 Konge, du har gjeve påbod om at alle som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullstatuen, 11og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld. 12#2,49 Det er nokre jødiske menn her som du har sett til å styra provinsen Babel: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje statuen som du har sett opp.»
13Då vart Nebukadnesar rasande. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, og mennene vart førte fram for kongen. 14Nebukadnesar tok til orde og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed gullstatuen som eg har sett opp? 15No, er de villige når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, til å falla ned og tilbe statuen eg har laga? For vil de ikkje tilbe han, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan berga dykk frå mi hand?»
16Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego svara kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg på dette. 17#Jes 43,2 Om den Gud som vi dyrkar, kan berga oss frå omnen med logande eld og frå di hand, konge, så vil han berga oss. 18#2 Mos 20,3ff; 23,24; 34,14 Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe gullstatuen du har reist.»
19Då vart Nebukadnesar fylt av slikt raseri mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at andletet hans vart heilt fordreia. Han baud at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg, 20og at nokre soldatar frå hæren skulle binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld. 21Så vart mennene bundne og kasta i omnen med logande eld, med kappene, buksene, luene og dei andre kleda på seg. 22Sidan omnen på kongens strenge bod var så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane frå elden. 23Dei andre tre mennene, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i omnen med logande eld.
24Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi batt og kasta ned i elden?» «Jau visst, konge», svara dei. 25Han sa: «Men eg ser fire menn gå fritt omkring i elden, og det finst ikkje skade på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.» 26#5,18.21 No gjekk Nebukadnesar bort til døra i omnen med logande eld og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Gud, Den høgste, kom ut hit!» Då kom Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego ut frå elden.
27Satrapane, guvernørane, statthaldarane og kongens rådsherrar stimla saman, og dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over kroppane til desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidd, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei. 28#6,23 Då tok Nebukadnesar til orde og sa: «Velsigna er Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og berga tenarane sine. Dei sette si lit til han og trassa bodet frå kongen. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen. 29#Esra 6,11 No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og nasjonar og tungemål som talar hånleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i bitar, og huset hans skal leggjast i grus. For det finst ingen annan gud som kan berga på denne måten.» 30#2,49 Og kongen gav Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego høge stillingar i provinsen Babel.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk