Daniel 11
N11NN

Daniel 11

11
1 # 11,1 medaren Dareios >6,1. Og eg, det første året medaren Dareios styrte, stod eg hos han til støtte og vern. 2No vil eg kunngjera sanninga for deg.
Verdsrika og det heilage folket
Endå tre kongar skal stå fram i Persia, og den fjerde skal skaffa seg større rikdom enn dei andre. Og når rikdomen har gjort han mektig, skal han hissa opp alle mot Javan. #11,2 Javan >8,21. 3#11,3 krigarkonge Aleksander den store vann over Persarriket i 333 f.Kr. Etter han vart riket hans delt mellom generalane hans. Sidan kom ein periode med langvarig konflikt mellom etterfølgjarane deira, herskarane i Syria og Egypt, «nord» og «sør». >8,5. Så skal ein krigarkonge stå fram. Han skal herska med stor makt og gjera som han sjølv vil. 4Men så snart han har stått fram, skal kongeriket hans bli knust og delt etter dei fire himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For kongeriket hans skal rykkjast opp og gå over til andre.
5Kongen i sør skal bli mektig, men ein av hovdingane hans skal bli endå mektigare. Han skal herska med stor makt. 6Nokre år etter skal dei gå inn i ein allianse, og dotter til kongen i sør kjem til kongen i nord for å stadfesta forliket. Men hennar kraft blir borte, og han kan heller ikkje halda stand. På den tida blir både ho og følgjet hennar, faren og mannen, overgjevne til døden.
7Då skal eit skot frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot hæren til kongen i nord, bryt inn i festninga hans og vinn over dei. 8Også gudane deira fører han som fangar til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og det kostbare utstyret av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.
9Han skal dra mot riket til kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt. 10Sønene hans bur seg til strid og samlar ein veldig hær. Han skal bølgja fram som ei stormflod og igjen rykkja fram mot festninga til fienden. 11Kongen i sør blir rasande og dreg ut og strider mot han, mot kongen i nord, som stiller opp ein stor hær. Men hæren fell i fiendehand. 12Når hæren er feia vekk, blir kongen hovmodig. Han feller titusental, men kan likevel ikkje halda på makta.
13Så skal kongen i nord igjen stilla opp ein hær, større enn den første. Og etter nokre år rykkjer han fram med ein stor hær og ei veldig utrusting. 14På den tida skal mange stå opp mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt skal reisa seg så synet blir stadfest. Men dei skal falla. 15Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Hærstyrkane frå sør held ikkje stand, ikkje eingong dei beste av mennene hans har kraft til å halda stand. 16#11,41#11,16 det herlege landet >8,9. Han som går til åtak, gjer som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det herlege landet og har øydelegging i si hand. 17Han set seg føre å få heile riket til kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei ung kvinne for å øydeleggja riket. Men det skal ikkje skje, det lukkast ikkje for han. 18Så skal han venda seg mot kystlanda og ta mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på spotten hans og vender spotten mot han sjølv. 19#Sal 37,10.36 Så vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han vaklar, fell og blir borte.
20I hans stad skal det stå fram ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er til pryd for kongeriket. Kort tid etter blir han knust, men ikkje ved vreide og ikkje i krig.
Den vonde kongen
21I hans stad skal det stå fram ein som blir forakta. Han har ikkje fått kongeleg makt, men kjem uventa og riv kongsmakta til seg med list. 22#11,22 paktfyrsten kanskje øvstepresten. Hærstyrkane som fløymer fram, blir skylde bort og knuste framfor han – like eins paktfyrsten. 23Først går han inn i ein allianse, så fer han med svik. Han rykkjer fram, og med lite folk tek han makta. 24Lett trengjer han inn i dei mest grøderike traktene i landet og gjer slikt som verken fedrane hans eller fedrane deira gjorde. Han strør plyndra gods, rov og utrusting ut mellom mennene sine. Han legg planar om angrep på festningar, men berre for ei tid.
25Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør rustar seg òg til krig med ein stor og slagkraftig hær. Men han kan ikkje stå seg, for det blir lagt vonde planar mot han. 26Dei som et ved hans bord, knuser han. Hæren hans blir skyld bort, og mange blir drepne og fell. 27Begge kongane har vondt i sinne. Dei sit ved same bord og talar løgn. Men det skal ikkje lukkast, for enden kjem først til fastsett tid. 28Han vender heim att til landet sitt med stort bytte, men i hjartet er han motstandar av den heilage pakta. Han gjer det han vil, og vender attende til landet sitt.
29Til fastsett tid skal han dra mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30Kitteiske skip kjem mot han, og han mistar motet. Han snur om og lèt harmen gå ut over den heilage pakta. Så vender han attende og lyttar til dei som har svikta den heilage pakta. 31#8,11+; Matt 24,15#11,31 det motbydelege som øydelegg I Makkabearbøkene (=kanon) blir uttrykket brukt om eit heidensk altar som syrarkongen Antiokos 4. Epifanes fekk reist framfor tempelet i Jerusalem i 168 f.Kr. Jf. 1 Makk 1,54; 2 Makk 6,2. Nokre av hans hærstyrkar kjem og vanhelgar tempelborga, tek bort det daglege offeret og set opp det motbydelege som øydelegg. 32Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med glatte ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast, også i handling. 33#12,3 Dei kloke i folket hjelper dei mange til innsikt. Men ei kort tid fell dei som offer for sverd og eld, fangenskap og plyndring. 34Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar. 35#12,10 Nokre av dei kloke fell som offer, så dei blir lutra og reinsa og vaska reine til endetida. For den fastsette tid er enno ikkje komen.
36 # 2 Tess 2,4 Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje. 37#11,37 guden som kvinnene elskar vegetasjonsguden Tammus. >Esek 8,14. Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. 38#11,38 borgguden Zevs. I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. 39Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.
40I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer fram som ei stormflod. 41#8,9; 11,16#11,41 det herlege landet >8,9. Så dreg han inn i det herlege landet, og titusental skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane. 42Han retter handa ut mot land etter land, heller ikkje Egypt slepp unna. 43#11,43 libyarar og kusjittar folk frå vest og sør for Egypt. Han skal rå over skattar av gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Sjølv libyarar og kusjittar må følgja han. 44Då skal rykte frå aust og frå nord skremma han, og han tek ut i stor vreide for å slå mange med bann og utrydda dei. 45Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det herlege, heilage fjellet. Men han går mot undergangen, og ingen hjelper han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk