Kolossarane 4
N11NN

Kolossarane 4

4
1 # 3 Mos 25,43; Ef 6,9 De som er herrar, far rett og rimeleg fram mot slavane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.
Bøn og venlege ord
2 # Luk 18,1+; Ef 6,18ff Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud! 3#Ef 3,3f#4,3 ei dør for Ordet eit bilete på at folk blir opne for evangeliet. Jf. Apg 14,27; 1 Kor 16,9; 2 Kor 2,12; Op 3,8. Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for. 4Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent. 5#1 Kor 5,12; Ef 5,15f; 1 Tess 4,11f Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt. 6#Mark 9,50 Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.
Helsingar
7 # Apg 20,20; Ef 6,21f Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren. 8Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar. 9#4,9 Onesimos Namnet tyder «nyttig» og er eit vanleg slavenamn. Jf. Filem 10. Dei fleste namna i v. 10–14 finn vi òg i Filem 24. Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå. 10#Apg 12,12+; 19,29+ Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han. 11Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg. 12#Rom 15,30+; Kol 1,7 Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje. 13#2,1 Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis. 14#2 Tim 4,10f; Filem 24 Den kjære Lukas, legen, helsar dykk, like eins Demas. 15#4,15 Nymfa … i hennar hus Mange handskrifter har eit mannsnamn, «Nymfas». Hels syskena i Laodikea, og Nymfa og forsamlinga som kjem saman i hennar hus.
16 # 4,16 brevet frå Laodikea eit ukjent brev som Paulus har skrive til forsamlinga der. Når dette brevet er opplese hos dykk, skal de sørgja for at det òg blir opplese i forsamlinga i Laodikea, og at brevet frå Laodikea blir opplese hos dykk. 17#Filem 2 Sei til Arkippos: Sjå til at du fullfører den tenesta du har fått for Herren.
18 # 1 Kor 16,21+; Ef 3,1+ Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Gløym ikkje lenkjene mine! Nåden vere med dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.