Kolossarane 1
N11NN

Kolossarane 1

1
Helsing
1 # Ef 1,1; 1 Tim 1,2+ # 1,1 Timoteus ein av =Paulus' medarbeidarar. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus 2#1,2 Kolossai ein handverks- og handelsby i Vesleasia. Han låg i landskapet Frygia, som Paulus ifølgje Apg 16,6; 18,23 drog gjennom to gonger på reisene sine. helsar dei heilage i Kolossai, dei truande sysken i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!
Takk og forbøn
3 # 1 Tess 1,2+; Filem 4f Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk. 4For vi har fått høyra om dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleiken de har til alle dei heilage 5#Ef 1,13; 1 Pet 1,3f#1,5 evangeliet «gledeleg bodskap», «godt nytt». =evangelium. på grunn av det håpet som ventar dykk i himmelen. Det har de alt no fått høyra om gjennom det sanne ordet, evangeliet 6som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna. 7#4,12; Filem 23#1,7 Epafras hadde truleg grunnlagt forsamlinga. Kristi tenar for dykk Andre handskrifter har «Kristi tenar i vår stad». Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk. 8Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.
9 # Ef 1,15ff; Fil 1,9 Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, 10#Ef 4,1; Fil 1,27 så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. 11#Ef 1,19; 3,16 De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede 12#Ef 1,11.18 skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset. 13#Matt 5,14; Luk 16,8; Ef 5,8; 1 Tess 5,4ff; 1 Pet 2,9 For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar. 14#Matt 20,28+; Rom 3,24; Ef 1,7; 2,8; Tit 3,5ff#1,14 frikjøpte Uttrykket blir ofte brukt om slavar som vart kjøpte fri med løysepengar. Jf. Matt 20,28. =slektssamfunn og justis. I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.
Skaping og forsoning ved Kristus
15 # Rom 8,29; 2 Kor 4,4; Kol 3,10; Hebr 1,3 # 1,15 biletet Jf. 2 Kor 3,18; 4,4. den førstefødde «første» kan tyda «først i tid» eller «fremst i rang». Jf. v. 18. Han er biletet av den usynlege Gud,
den førstefødde før alt det skapte.
16 # Joh 1,3.10; 1 Kor 8,6; Hebr 1,2f; Op 3,14 For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
troner og herredøme,
makter og åndskrefter –
ved han og til han er alt skapt.
17 # Joh 8,58 # 1,17 blir alt halde saman I gresk filosofi blir uttrykket ofte brukt om den faste ordninga i kosmos. Han er før alt,
og i han blir alt halde saman.
18 # 1 Kor 12,12+; 15,20+; Ef 1,22+; Kol 1,24f; 2,19; 3,15 # 1,18 den førstefødde frå dei døde Andre handskrifter har «den førstefødde av dei døde». Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.
Han er opphavet,
den førstefødde frå dei døde,
så han i eitt og alt skal vera den fremste.
19 # 2,9 For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
20 # Rom 5,1.10; 2 Kor 5,18; Ef 2,16 og ved han ville Gud forsona alt med seg,
det som er i himmelen, og det som er på jorda,
då han skapte fred ved hans blod på krossen.
21 # Ef 2,12; 4,18 De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar. 22#Ef 5,27 Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg, 23#Mark 16,15; Ef 3,17 så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.
Liding og teneste for forsamlingane
24 # 2 Kor 4,7ff; Gal 6,17; Ef 3,13; Fil 3,10; Kol 1,18+; Jak 1,2 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja. 25#Ef 3,2.7f Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26#Matt 11,25; 13,11; Rom 16,25; 1 Kor 2,7; 4,1; Ef 1,9; 3,3f det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage. 27#Rom 16,26; Ef 1,18; 1 Pet 1,21#1,27 mellom dykk kan òg omsetjast «i dykk». Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen! 28#Ef 4,13 Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. 29#Ef 3,7.20; Fil 4,13 For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.