Apostelgjerningane 4

4
Peter og Johannes for Rådet
1 # Luk 22,4.52; Apg 5,24; 23,8 # 4,1 sjefen for tempelvakta sjefen for ei gruppe tenestemenn under Det høge rådet. I rang stod han berre under øvstepresten. =vaktstyrken. saddukearane retning innanfor jødedomen som ikkje trudde på oppstoda. Medan dei tala til folket, kom brått prestane bort til dei saman med saddukearane og sjefen for tempelvakta. 2Dei var harme fordi dei underviste folket og forkynte oppstoda frå dei døde ved Jesus. 3Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld. 4Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.
5 # 4,5 rådsherrane … skriftlærde Medlemene i Det høge rådet var overprestar, eldste og skriftlærde. =Rådet, Det høge rådet. Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem. 6#4,6 Annas, Kaifas, Johannes, Aleksander Annas var øvsteprest i 6–15 e.Kr., svigersonen, Kaifas, i 18–36 e.Kr. Johannes og Aleksander er ukjende. Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane. 7#Matt 21,23 Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Med kva kraft og i kva namn gjorde de dette?»
8 # Luk 12,11f Då vart Peter fylt av Den heilage ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket! 9Når vi i dag blir forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, 10#3,6.16 då skal de alle og heile Israelsfolket vita dette: Når denne mannen står frisk framfor dykk, er det ved namnet til Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. 11#Sal 118,22; 1 Pet 2,4.7+ Han er
steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn,
men som har vorte hjørnestein.
12 # Matt 1,21; Joh 1,12 Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»
13Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei kjende dei att og visste at dei hadde vore i lag med Jesus. 14Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. 15Dei sende dei ut av rådssalen og samrådde seg med kvarandre: 16#Joh 11,47 «Kva skal vi gjera med desse menneska? Det er klårt at dei har gjort eit under, det er kjent for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta for. 17Men dette må ikkje koma ut mellom folk. Difor vil vi truga dei, så dei ikkje talar til noko menneske meir i dette namnet.» 18#5,28f Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og undervisa i Jesu namn. 19Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett i Guds auge å lyda dykk meir enn han. 20Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.» 21Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, fordi alt folket lova Gud for det som hadde hendt. 22For den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet, var over førti år.
Bøn og samhald
23Då dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt. 24#2 Mos 20,11; Sal 146,6 Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle med ein og same hug i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er, 25#Sal 2,1f du tala ved Den heilage ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia:
Kvifor er folkeslag i opprør?
Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
26 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane slår seg saman
mot Herren og den han har salva.
27 # Luk 23,6ff Ja, i denne byen slo dei seg sanneleg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva. Både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels folk – 28#2,23 alle har dei gjort det som du ved di hand og din vilje hadde fastsett. 29Og no, Herre, hald auge med trugsmåla deira og lat tenarane dine tala ditt ord med frimod! 30Rett ut di hand for å lækja og gjera teikn og under ved namnet til Jesus, din heilage tenar.»
31 # 2,4+; 16,26 Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.
32 # Joh 13,34f; Apg 2,44f Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag. 33#1,22; 4,2; 17,18; 26,23 Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var stått opp, og stor nåde var over dei alle. 34Ingen av dei leid naud, for dei som eigde jord eller hus, selde det og kom med pengane 35og la dei ved føtene til apostlane. Sidan fekk kvar einskild tildelt det han trong. 36#9,27#4,36 levitt ein underordna medhjelpar for prestane. =levittar. Josef, ein levitt frå Kypros, vart av apostlane kalla Barnabas, det tyder trøystarsonen. 37Han eigde ein åker. Den selde han og kom med pengane og la dei ved føtene til apostlane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring