Apostelgjerningane 28
N11NN

Apostelgjerningane 28

28
På Malta
1 # 27,26 Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta. 2Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt. 3Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans. 4#28,4 Rettferda gr. Dike, namnet på ei gresk gudinne. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.» 5#Mark 16,18; Luk 10,19 Men Paulus riste ormen av seg og inn i elden og hadde ikkje noko mein av det. 6#14,11 Dei andre venta berre at han skulle hovna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.
7Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, eigde. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hos han i tre dagar. 8#Mark 5,23+; Luk 10,9 Far til Publius låg med feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han. 9Etter dette kom òg dei andre som var sjuke der på øya, og dei vart lækte. 10Dei gjorde stor ære på oss, og då vi drog vidare, skaffa dei oss det vi trong.
Til Roma
11 # 28,11 Tvillingane guddomane Castor og Pollux, «Dioskurane», som verna sjøfarten. Då det hadde gått tre månader, segla vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde Tvillingane som skipsmerke. 12Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar. 13Derifrå segla vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli. 14Her møtte vi sysken, og dei bad oss vera hos dei ei veke. Så kom vi til Roma. 15Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
Paulus i Roma
16Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han. 17#24,12f; 25,8; Rom 9,1ff Tre dagar etter kalla han saman dei fremste jødane. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller mot dei skikkane vi har frå fedrane. Likevel kjem eg som fange frå Jerusalem, der eg vart overgjeven til romarane. 18Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, fordi eg ikkje hadde gjort noko som kravde dødsstraff. 19#25,11 Men jødane sette seg imot det. Difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å koma med skuldingar mot mitt eige folk. 20#26,6f+ Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene.» 21#28,21 brørne Uttrykket viser her og i 22,5 til jødane. Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og meldt frå eller sagt noko vondt om deg. 22#24,5.14 Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»
23 # 13,15ff; 26,22f Dei avtala ein dag med han og kom så dit han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld forklara og vitna han for dei om Guds rike og freista å vinna dei for Jesus, ut frå både Moselova og profetane. 24Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, men andre ville ikkje tru. 25Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:
26 # Jes 6,9f; Matt 13,14f+ Gå og sei til dette folket:
De skal høyra og høyra, men ikkje skilja,
sjå og sjå, men ikkje skjøna!
27 For hjartet til dette folket har vorte feitt;
tungt høyrer dei med øyra,
og auga har dei late att,
så dei ikkje kan sjå med auga
eller høyra med øyra
eller skjøna med hjartet
og venda om,
så eg får lækja dei.
28 # Luk 2,30f; 3,6; Apg 13,46+ Så skal de vita at denne Guds frelse er send til heidningane. Og dei kjem til å høyra.» 29#28,29 Verset manglar i dei eldste handskriftene. {{Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei diskuterte hardt med kvarandre.}}
30 # 28,16 Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigd. Han tok imot alle som kom til han. 31Med stort frimod og utan hindring forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk