Høgsongen 7
N11NN
7
1Så vakkert du stig i sandalar,
du hovdingdotter!
Hoftene dine rundar seg som ei sølje,
smidd av kunstnarhand.
2Navlen din er ei rund skål,
måtte han aldri mangla vin!
Magen er ein kveiteåker
kransa inn av liljer.
3 # 4,5 Brysta dine er som to kalvar,
tvillingar til ein gasell.
4 # 4,4 # 7,4 Hesjbon by aust for Jordan, høyrde til Israel i gammal tid, seinare til Moab. Jf. Dom 11,26; Jes 16,6–8. Halsen din er som eit elfenbeinstårn,
auga som dammane i Hesjbon
ved Bat-Rabbim-porten.
Nasen er som Libanon-tårnet
som ser mot Damaskus.
5Hovudet kronar deg som Karmel,
håret skimrar som purpur.
Kongen er fanga i lokkane.
6Så vakker du er, så nydeleg,
du som eg elskar, full av lyst!
7Du er høg som palmen,
og brysta dine er som drueklasar.
8Eg seier: Eg skal opp i den palmen,
gripa tak i dei greinene.
Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken,
din ande som angen av eple
9og ganen som den finaste vin,
Ho
som lett går ned hos kjærasten min,
Han
som glir over leppene mine og tennene!
Ho
10 # 2,16+ Eg høyrer kjærasten til,
og til meg står hans trå.
11 # 2,10–14 Kom, kjærasten min! Lat oss gå ut på marka!
Vi overnattar mellom hennabuskar.
12Ved daggry går vi til vinmarkene,
ser om vinstokken har sett nye skot,
om blomeknoppane har opna seg,
om granataplane blømer.
Der vil eg gje deg min kjærleik.
13 # 7,13 Kjærleiksepla alrunar, plante brukt i folkemedisinen m.a. til å gjera kvinner meir fruktbare. Jf. 1 Mos 30,14. Kjærleiksepla angar,
ved døra heng alle slag herleg frukt,
både nyplukka og tørka.
Kjærasten min, eg har gøymt dei til deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk