Romarane 1

1
Helsing
1 # Apg 9,15; Gal 1,15 # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. evangelium «gledeleg bodskap, godt nytt». Paulus bruker ofte denne nemninga om misjonsforkynninga si. Ordet kan både visa til forkynninga og til innhaldet i bodskapen. Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, 2#16,25f det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter. 3#2 Sam 7,12f; Jes 11,1; 2 Tim 2,8 Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt 4#Apg 13,32f og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde. 5#Apg 9,15; Rom 15,18; Gal 2,7.9 Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn. 6Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. 7#1 Kor 1,2f; 2 Kor 1,1f#1,7 Roma Hovudstaden i Romarriket med ca. 1 mill. innbyggjarar. =byar. Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Bøn og ønske om å koma til Roma
8 # 16,19; 1 Tess 1,2+.8 Først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda blir det fortalt om trua dykkar. 9#15,16; Ef 1,15; Fil 1,8 Gud sjølv, som eg av heile mitt hjarte tener med evangeliet om Son hans, er mitt vitne på korleis eg uavlateleg hugsar på dykk i bønene mine. 10#1 Tess 3,10 Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil. 11#15,29 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk. 12Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.
13 # Apg 19,21; Rom 15,23 Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka. 14#1,14 Grekarar og barbarar heile den ikkje-jødiske verda. >Kol 3,11. =ikkje-jødar. Ordet «barbar», gr. barbaros, vart nytta om dei som stod utanfor det gresk-romerske kulturfellesskapet, m.a. ved å snakka språk som var uforståelege. Jf. 1 Kor 14,11. Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til. 15Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.
Evangeliet, Guds kraft til frelse
16 # Apg 13,46; 1 Kor 1,18ff; 15,1f; 2 Tim 1,8+ For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. 17#Hab 2,4; Joh 3,36; Rom 3,21f; Gal 3,11#1,17 Guds rettferd eit hovudomgrep i Rom. Kan tyda både at Gud sjølv er rettferdig, og at han gjev rettferd. Sjå særleg 3,21–26. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
Guds dom over heidenskapen
18Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett. 19#Apg 14,15ff; 17,24ff For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv lagt det ope fram. 20#Job 12,7ff; Sal 19,2 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med. 21#Ef 4,17f Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte. 22#1 Kor 1,19f Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap. 23#5 Mos 4,15ff; Sal 106,20 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.
24 # Sal 81,13; Apg 14,16 Dei følgde lystene i hjartet, difor overgav Gud dei til ureinskap slik at dei vanæra kroppen sin med kvarandre. 25#Jer 10,10ff; 16,19ff#1,25 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen! 26Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen. 27#3 Mos 18,22; 20,13; 1 Kor 6,9 På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.
28 # 1,28–31 ikkje sømer seg blir følgd av ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar. Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29#Matt 15,19; Rom 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder 30og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra. 31Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn. 32Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Markert nå:

Romarane 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på