Salmane 98
N11NN

Salmane 98

98
1 # 96,1ff+; Jes 59,16 Ein salme.
Syng ein ny song for Herren,
for han har gjort under!
Hans høgre hand og heilage arm
har gjeve han siger.
2 # 67,3; Luk 2,30ff Herren har gjort si frelse kjend,
openberra si rettferd for auga på folka.
3 # Jes 52,10 Han kjem i hug si miskunn,
sin truskap mot Israels hus.
Heile jorda har sett
frelsa frå vår Gud.
4 # 96,1; 100,1 Rop av glede for Herren, all jorda!
Bryt ut i jubel, syng og spel!
5 # 33,2+ Syng for Herren og spel på lyre,
spel på lyre, lat songen tona,
6spel på trompetar, lat hornet klinga,
rop av glede for kongens andlet,
for Herren!
7 # 96,11+ Havet og alt som fyller det, skal brusa,
jorda og dei som bur der.
8Elvane skal klappa i hender
og fjella jubla i kor
9 # 9,9+ for Herrens andlet.
For han kjem og skaper rett på jorda.
Han skal dømma verda med rettferd
og folka med rett.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk